Produksjonstal januar 2017

21.02.2017
Foreløpige produksjonstal i januar 2017 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 024 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 42 000 fat per dag (ca. 2 prosent) samanlikna med desember 2016.

Det totale gass salet var 11,6 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,9 GSm3  meir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2017

Oljeproduksjon 2017

 

Væskeproduksjonen i januar fordeler seg slik: 1 613 000 fat olje, 378 000 fat NGL og 33 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg ca. 4,3 prosent under produksjonen i desember i fjor.

Oljeproduksjonen er ca 0,3 prosent under OD sin prognose for januar 2017.

 

Væskeproduksjon 2017

Væskeproduksjon 2017

 

Gassproduksjon 2017

Gassproduksjon 2017

 

Den totale petroleumsproduksjonen var om lag 21,6 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) i januar. Av dette er om lag 8,0 MSm3 o.e olje, om lag 2,0 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 11,6 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 0,4 MSm3 o.e. høgare enn i januar 2016.

Endelege produksjonstal for desember 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,682 millionar fat olje, 0,384 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,7 GSm3 gass for sal.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77