Produksjonstal juli 2017

18.08.2017
Foreløpige produksjonstal i juli 2017 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 000 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 93 000 fat per dag samanlikna med juni. Det totale gass salet var 10,6 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 2,0 GSm3 meir enn månaden før og er høyere enn nokon gang for juli månad. 

 

Oljeproduksjon 2017

Oljeproduksjon 2017

 

Væskeproduksjonen i juli fordeler seg slik: 1 622 000 fat olje, 346 000 fat NGL og 32 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg ca. 7,0 prosent under produksjonen i juli i fjor og er ca. 0,7 prosent under OD sin prognose for juli 2017. Produksjon ligger ca. 1,2 prosent over prognosen hittil i år.

 

Væskeproduksjon 2017

Væskeproduksjon 2017

 

Gassproduksjon 2017

Gassproduksjon 2017

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2017 er om lag 140,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 55,5 MSm3 o.e olje, om lag 13,1 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 71,5 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 2,1 MSm3 o.e. høgare enn i 2016.

Endelege produksjonstal for juni 2017 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,570 millionar fat olje, 0,337 millionar fat NGL og kondensat og totalt 8,6 GSm3 gass for sal.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77