Produksjonstal juni 2017

11.07.2017
Foreløpige produksjonstal i juni 2017 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 884 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 116 000 fat per dag samanlikna med mai. Det totale gassalet var 8,6 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,5 GSm3 mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2017

Oljeproduksjon 2017

 

Væskeproduksjonen i juni fordeler seg slik: 1 554 000 fat olje, 307 000 fat NGL og 24 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg ca. 8,0 prosent over produksjonen i juni i fjor og er ca. 3,3 prosent under OD sin prognose for juni 2017. Produksjon ligger ca. 1,3 % over prognosen hittil i år.

 

Væskeproduksjon 2017

Væskeproduksjon 2017

 

Gassproduksjon 2017

Gassproduksjon 2017

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2017 er om lag 119,6 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 47,5 MSm3 o.e olje, om lag 11,2 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 60,9 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 1,1 MSm3 o.e. høgare enn i 2016.

Endelege produksjonstal for mai 2017 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,635 millionar fat olje, 0,365 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,1 GSm3 gass for sal.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77