Produksjonstal mai 2017

21.06.2017
Foreløpige produksjonstal i mai 2017 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 980 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 128 000 fat per dag samanlikna med april.

Det totale gassalet var 9,3 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 1,2 GSm3 mindre enn månaden før. "Nedgangen i gassalet er som venta, årsaken er naturlege svingingar i marknaden", seier underdirektør Kirsti Veggeland.

 

Oljeproduksjon 2017

Oljeproduksjon 2017

 

Væskeproduksjonen i mai fordeler seg slik: 1 612 000 fat olje, 349 000 fat NGL og 18 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg ca. 2,8 prosent over produksjonen i mai i fjor og er ca. 1,9 prosent over OD sin prognose for mai 2017. Produksjon ligger ca. 1,9 % over prognosen hittil i år.

 

Væskeproduksjon 2017

Væskeproduksjon 2017

 

Gassproduksjon 2017

Gassproduksjon 2017

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2017 er om lag 101,9 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 39,9 MSm3 o.e olje, om lag 9,7 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 52,3 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 0,2 MSm3 o.e. høgare enn i  2016.

Endelege produksjonstal for april 2017 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,704 millionar fat olje, 0,404 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,5 GSm3 gass for sal.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77