Produksjonstal mars 2017

25.04.2017
Foreløpige produksjonstal i mars 2017 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 145 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 63 000 fat per dag (ca. 3 prosent) samanlikna med februar.

Det totale gass salet var 11,2 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 1,1 GSm3 meir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2017

Oljeproduksjon 2017

 

Væskeproduksjonen i mars fordeler seg slik: 1 734 000 fat olje, 380 000 fat NGL og 31 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg ca. 8,0 prosent over produksjonen i mars i fjor og er ca. 4,3 prosent over OD sin prognose for mars 2017. Produksjon ligger ca. 1,6 % over prognosen hittil i år.

 

Væskeproduksjon 2017

Væskeproduksjon 2017

 

Gassproduksjon 2017

Gassproduksjon 2017

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2017 er om lag 62,6 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 24,0 MSm3 o.e olje, om lag 5,9 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 32,8 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 0,3 MSm3 o.e. høgare enn i  2016.

Endelege produksjonstal for februar 2017 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,668 millionar fat olje, 0,414 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,1 GSm3 gass for sal.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77