Produksjonstal november 2017

20.12.2017
Foreløpige produksjonstal i november 2017 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 813 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 102 000 fat per dag samanlikna med oktober.

Det totale gass salet var 10,9 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,2 GSm3 meir enn månaden før. 

Væskeproduksjonen i november fordeler seg slik: 1 466 000 fat olje, 316 000 fat NGL og 31 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

 

Oljeproduksjon 2017

Oljeproduksjon 2017

 

Oljeproduksjonen er ca. 9 prosent under OD sin prognose og ca. 1,7 prosent under prognosen hittil i år. Dei viktigaste årsakene til at produksjonen i november er lågare enn venta er at Goliat var stengd heile månaden og at produksjonen på Gina Krog, Draugen og andre felt blei lågare enn venta. Det skuldast mellom anna tekniske problem og vedlikehaldsarbeid.

 

Væskeproduksjon 2017

Væskeproduksjon 2017

 

Gassproduksjon 2017

Gassproduksjon 2017

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2017 er om lag 217,2 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 84,5 MSm3 o.e olje, om lag 20,0 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 112,7 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 5,3 MSm3 o.e. høgare enn i  2016.

Endelege produksjonstal for oktober 2017 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,527 millionar fat olje, 0,388 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,7 GSm3 gass for sal.

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77