Produksjonstal oktober 2017

21.11.2017
Foreløpige produksjonstal i oktober 2017 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 901 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 141 000 fat per dag samanlikna med september. Det totale gass-salet var 10,9 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 1,5 GSm3  meir enn månaden før. 

Væskeproduksjonen i oktober fordeler seg slik: 1 540 000 fat olje, 330 000 fat NGL og 31 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

 

Oljeproduksjon 2017

Oljeproduksjon 2017

 

Oljeproduksjonen er ca. 4,5 prosent under OD sin prognose og ca. 0,9 prosent under prognosen hittil i år. Dei viktigaste årsakene til at produksjonen i oktober er lågare enn venta er at Goliat var stengd det meste av månaden og at produksjonen på Gina Krogh blei lågare enn venta. Det skuldast mellom anna problem med lasting på grunn av dårleg ver.

Auken i oljeproduksjon sidan september skyldast auka produksjon på fleire felt, størst auke hadde Snorre og Ivar Aasen.

 

Væskeproduksjon 2017

Væskeproduksjon 2017

 

 

Gassproduksjon 2017

Gassproduksjon 2017

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2017 er om lag 197,9 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 77,6 MSm3 o.e olje, om lag 18,2 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 102,1 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 7,1 MSm3 o.e. høgare enn i  2016.

Endelege produksjonstal for september 2017 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,445 millionar fat olje, 0,316 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,4 GSm3 gass for sal.

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77