Produksjonstal september 2017

19.10.2017
Foreløpige produksjonstal i september 2017 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 772 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 171 000 fat per dag samanlikna med august.

Det totale gass-salet var 9,6 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,7 GSm3 mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2017

Oljeproduksjon 2017

 

Væskeproduksjonen i september fordeler seg slik: 1 439 000 fat olje, 301 000 fat NGL og 31 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg ca. 3,6 prosent over produksjonen i september i fjor og er ca. 11 prosent under OD sin prognose for september 2017. Produksjon ligg ca. 0,5 prosent under prognosen hittil i år.

Det har vore lågare produksjon i september på grunn av ein del revisjons- og vedlikehaldsstanser på sokkelen denne månaden.

 

Væskeproduksjon 2017

Væskeproduksjon 2017

 

Gassproduksjon 2017

Gassproduksjon 2017

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2017 er om lag 177,8 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 70,0 MSm3 o.e olje, om lag 16,5 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 91,3 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 8,1 MSm3 o.e. høgare enn i  2016.

Endelege produksjonstal for august 2017 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,560 millionar fat olje, 0,382 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,3 GSm3 gass for sal.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77