Produksjonstal april 2018

16.05.2018
Førebels produksjonstal i april 2018 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 868 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 34 000 fat per dag samanlikna med mars.

Til saman blei det selt 10,1 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 1,0 GSm3 lågare enn månaden før.

Væskeproduksjonen i april fordeler seg slik: 1 513 000 fat olje, 325 000 fat NGL og 31 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er ca. 4 prosent under OD sin prognose og ca. 3 prosent under prognosen for 2018.

Dei viktigaste årsakene til at produksjonen i mars er lågare enn venta er vedlikehaldsarbeid og mindre tekniske problem på nokre felt.

 

Produksjon april 2018

Produksjon april 2018

 

Oljeproduksjon 2018

Oljeproduksjon 2018

 

Væskeproduksjon 2018

Væskeproduksjon 2018

 

Gassproduksjon 2018

Gassproduksjon 2018

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2018 er om lag 79,5 millionar standard kubikkmeter oljeekvilatentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel. Av dette er om lag 29,7 MSm3 o.e olje, om lag 7,3 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 42,5 MSm3 o.e gass.

Totalvolumet er 3,5 MSm3 o.e. lågare enn i 2017.

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77