Produksjonstal august 2018

18.09.2018
Førebels produksjonstal i august 2018 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 870 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 42 000 fat per dag samanlikna med juli.

Til saman blei det selt 10,2 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,4 GSm3 lågare enn månaden før.

Væskeproduksjonen i august fordeler seg slik: 1 502 000 fat olje, 338 000 fat NGL og 30 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er ca. 0,2 prosent under OD sin prognose for august og ca. 3,5 prosent under prognosen for 2018.

 

Produksjon august 2018

Produksjon august 2018

 

Oljeproduksjon 2018

Oljeproduksjon 2018

 

Væskeproduksjon 2018

Væskeproduksjon 2018

 

Gassproduksjon 2018

Gassproduksjon 2018

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2018 er om lag 154,5 millionar standard kubikkmeter oljeekvilatentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 58,2 MSm3 o.e olje, om lag 14,4 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 81,9 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 5,3 MSm3 o.e. lågare enn i 2017.                     
                    

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77