Produksjonstal juli 2018

16.08.2018
Førebels produksjonstal i juli 2018 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 911 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 64 000 fat per dag samanlikna med juni.
            
Til saman blei det selt 10,8 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 1,5 GSm3 meir enn månaden før.    
                    
Væskeproduksjonen i juli fordeler seg slik: 1 525 000 fat olje, 357 000 fat NGL og 29 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.        
                    
Oljeproduksjonen er ca. 2,5 prosent under OD sin prognose for juli og ca. 4 prosent under prognosen for 2018.

Dei viktigaste årsakene til at produksjonen i juli er lågare enn venta er tekniske problem på nokre felt.

 

Produksjon juli 2018

Produksjon juli 2018

 

Oljeproduksjon 2018

Oljeproduksjon 2018

 

Væskeproduksjon 2018

Væskeproduksjon 2018

 

Gassproduksjon 2018

Gassproduksjon 2018

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2018 er om lag 135,3 millionar standard kubikkmeter oljeekvilatentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 50,8 MSm3 o.e olje, om lag 12,5 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 71,9 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 4,5 MSm3 o.e. lågare enn i 2017.                     
                    

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77