Produksjonstal juni 2018

11.07.2018
Førebels produksjonstal i juni 2018 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 747 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 88 000 fat per dag samanlikna med mai.

Til saman blei det selt 9,3 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,4 GSm3 lågare enn månaden før.

Væskeproduksjonen i juni fordeler seg slik: 1 480 000 fat olje, 237 000 fat NGL og 30 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er ca. 3 prosent under OD sin prognose og ca. 4 prosent under prognosen for 2018.

Dei viktigaste årsakene til at produksjonen i juni er lågare enn venta er tekniske problem på nokre felt.

 

Produksjon juni 2018

 

Produksjon juni 2018

 

Oljeproduksjon 2018


Oljeproduksjon 2018

 

Væskeproduksjon 2018

Væskeproduksjon 2018

 

Gassproduksjon 2018

Gassproduksjon 2018


Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2018 er om lag 114,9 millionar standard kubikkmeter oljeekvilatentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 43,2 MSm3 o.e olje, om lag 10,2 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 61,5 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 4,4 MSm3 o.e. lågare enn i  2017.                 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77