Produksjonstal mai 2018

19.06.2018
Førebels produksjonstal i mai 2018 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 629 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 236 000 fat per dag samanlikna med april. Til saman blei det selt 9,6 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,5 GSm3 lågare enn månaden før.

Væskeproduksjonen i mai fordeler seg slik: 1 293 000 fat olje, 307 000 fat NGL og 29 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er ca. 11 prosent under OD sin prognose og ca. 5 prosent under prognosen for 2018. Dei viktigaste årsakene til at produksjonen i mai er lågare enn venta er vedlikehaldsarbeid og tekniske problem på nokre felt.

 

Produksjon mai 2018

Produksjon mai 2018

 

Oljeproduksjon 2018

Oljeproduksjon 2018

 

Væskeproduksjon 2018

Væskeproduksjon 2018

Gassproduksjon 2018

Gassproduksjon 2018

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2018 er om lag 97,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvilatentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel. Av dette er om lag 36,0 MSm3 o.e olje, om lag 8,9 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 52,1 MSm3 o.e gass.

Totalvolumet er 4,7 MSm3 o.e. lågare enn i 2017.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77