Produksjonstal mars 2018

19.04.2018
Førebels produksjonstal i mars 2018 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 901 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 46 000 fat per dag samanlikna med februar.

Til saman blei det selt 10,9 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,8 GSm3 meir enn månaden før.                     
                    
Væskeproduksjonen i mars fordeler seg slik: 1 519 000 fat olje, 352 000 fat NGL og 29 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.                     
                    
Oljeproduksjonen er ca. 5 prosent under OD sin prognose og ca. 3 prosent under prognosen for 2018. Dei viktigaste årsakene til at produksjonen i mars er lågare enn venta er tekniske problem på nokre felt.

 

Produksjon mars 2018

Produksjon mars 2018

 

Oljeproduksjon 2018

Oljeproduksjon 2018

 

Væskeproduksjon 2018

Væskeproduksjon 2018

 

 

Gassproduksjon 2018

Gass produksjon 2018

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2018 er om lag 60,3 millionar standard kubikkmeter oljeekvilatentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 22,5 MSm3 o.e olje, om lag 5,6 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 32,2 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 2,1 MSm3 o.e. lågare enn i  2017.                     
                    

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77