Produksjonstal oktober 2018

20.11.2018
Førebels produksjonstal i oktober 2018 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 874 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 271 000 fat per dag samanlikna med september.

Til saman blei det selt 10,6 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 1,6 GSm3 høgare enn månaden før.

Væskeproduksjonen i oktober fordeler seg slik: 1 499 000 fat olje, 346 000 fat NGL og 29 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er ca. 5 prosent under OD sin prognose for oktober, og ca. 4,5 prosent under prognosen til nå i 2018.

Dei viktigaste årsakene til at produksjonen i oktober er lågare enn venta er tekniske problem på nokre felt.

 

Produksjon oktober 2018

 

Produksjon oktober 2018

 

 

Oljeproduksjon 2018

Oljeproduksjon 2018

 

 

Væskeproduksjon 2018

Væskeproduksjon 2018

 

 

Gassproduksjon 2018

Gassproduksjon 2018

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2018 er om lag 191,0 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 71,7 MSm3 o.e olje, om lag 17,7 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 101,6 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 7,1 MSm3 o.e. lågare enn i  2017.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77