Produksjonstal september 2018

19.10.2018
Førebels produksjonstal i september 2018 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 607 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 255 000 fat per dag samanlikna med august.

Til saman blei det selt 9,0 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 1,2 GSm3 lågare enn månaden før.

Væskeproduksjonen i september fordeler seg slik: 1 302 000 fat olje, 275 000 fat NGL og 29 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er ca. 12 prosent under OD sin prognose for september, og ca. 4,4 prosent under prognosen til nå i 2018. Den viktigaste årsaka til at produksjonen i september er lågare enn venta, er vedlikeholdsstans som ikkje var inkludert i prognosen på fleire felt.

Prognosen som nyttas til samanlikning blei utarbeida til Sokkelåret i januar 2018, i prognosen presentert i Statsbudsjettet i haust er forventinga til årets oljeproduksjon redusert med ca. 4 prosent.

 

Produksjon september 2018

Produksjon september 2018

 

Oljeproduksjon 2018

Oljeproduksjon 2018

 

Væskeproduksjon 2018

Væskeproduksjon 2018

 

Gassproduksjon 2018

Gassproduksjon 2018

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2018 er om lag 171,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvilalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 64,4 MSm3 o.e olje, om lag 15,8 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 91,0 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 6,5 MSm3 o.e. lågare enn i 2017.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77