Oljedirektoratet (OD)
- er eit statleg fagdirektorat og forvaltingsorgan
- vart oppretta i 1972
- ligg under Olje- og energidepartementet (OED)
- har hovudkontor i Stavanger og kontor i Harstad
- har rundt 230 tilsette
Oljedirektoratets hovedmål er å bidra til størst mogleg verdiar for samfunnet frå olje- og gassvirksemda gjennom ei effektiv og forsvarleg ressursforvaltning. I dette arbeidet tek ein omsyn til helse, miljø, tryggleik og til andre brukarar av havet.
For å kunne arbeide mest mogleg effektivt for dette, må OD fylle fire roller:
- Gjennom fagleg integritet og med tverrfaglegheit som styrke skal OD vere rådgjevar for OED.
- OD har eit nasjonalt ansvar for data frå norsk kontinentalsokkel. OD sine data, oversikt og analysar utgjer eit viktig faktagrunnlag for verksemda.
- OD skal vere pådrivar for å realisere ressurspotensialet ved å legge vekt på langsiktige løysingar, oppsidemoglegheiter, samdrifts- og stordriftsføremoner og sikre at tidskritiske ressursar ikkje går tapt.
- OD skal, i samarbeid med andre myndigheiter, sikre at petroleumsverksemda vert følgt opp på ein heilskapleg måte.
OD set rammer, fastset forskrifter og fattar vedtak der dette er delegert.
OD har ansvar for å føre måleteknisk tilsyn og krevje inn avgifter frå petroleumsverksemda.
I tillegg bidrar OD med forvaltingskompetanse, ressurskartlegging og petroleumsdataforvalting til bistandsprogrammet Olje for utvikling.