Jobb i OD?

Oljedirektoratet gir faglege råd til styresmaktene og utfordrar petroleumsnæringa på kompetanse og planar.

Som tilsett i OD får du:

  • moglegheit til å påverke
  • eit unikt overblikk over korleis verdiane på sokkelen blir forvalta
  • være med og gjere ein skilnad for samfunnet og kommande generasjonar.

Størst mogleg verdiar for samfunnet

Det overordna målet er å få størst mogleg verdiar for samfunnet frå olje- og gassverksemda gjennom ei forsvarleg ressursforvaltning med forankring i tryggleik, beredskap, ytre miljø og til andre brukarar av havet.

Organisert i lag

Oljedirektoratet er ein lagbasert organisasjon. Som medarbeidar får du varierte oppgåver, ansvar og tillit. Oljedirektoratet er opptatt av å vere inkluderande, og har kultur for god kunnskapsdeling.

Oljedirektoratet er opptatt av kompetanse, og har gode ordningar for fagleg utvikling.

Oljedirektoratet har konkurransedyktige lønsvilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse.

OD ynskjer mangfald blant våre tilsette i høve til kjønn, alder, etnisitet og funksjonsevne.


Ledige stillinger >>


09.11.2018