Fagleg utvikling

OD har eit introduksjonsprogram med fadderordning for alle nytilsette. Det hjelper deg til å få god kontakt med kollegaer på arbeidsplassen, og gjer at du raskt får oversikt over kva vi jobbar med og kjem i gang i laga. Det blir også haldt introduksjonskurs for nytilsette med jamne mellomrom. 


Tverrfagleg samarbeid
Oljedirektoratet er organisert i lag ut i frå kva vi jobbar med, og samarbeid mellom fagmiljøa er noko vi legg stor vekt på. Dette gjev gode moglegheiter for kvar einskild sitt engasjement og utvikling.
 
Faglege utfordringar og fagnettverk
Fagnettverka våre tek vare på den langsiktige utviklinga av kompetanse innanfor det einskilde fagområdet. Nettverka er eit fagleg fellesskap som stør dei tilsette sine behov for kompetanseutvikling i eige fag.
  

Geofagnettverket på ekskursjon i Danmark


Kvar medarbeidar har ansvar for eiga fagleg utvikling. Du skal lage ein individuell fagleg utviklingsplan i dialog med personalleiar/fagkoordinator, i samsvar med faglege behov i OD. Det blir jamnleg arrangert kurs der dei beste fagfolka våre lærer bort viktig kunnskap til kollegaer som er utdanna i andre fag.

 


Hospitering
I samarbeid med andre bedriftar kan det avtalast hospitering. Grunnen er at OD ser det som svært viktig å:

  • ha ein fagleg kompetanse som utfordrar kompetansen i næringa
  • vidareutvikle høg tillit hos samarbeidspartnarane våre
  • vere departementa sine føretrekte rådgjevarar

15.03.2010