Oljedirektoratet si historie

Ved eit samrøystes vedtak 14. juni 1972 vedtok Stortinget å opprette Oljedirektoratet (OD). Med base i Stavanger skulle direktoratet ta hand om forvaltninga av olje- og gassressursane på norsk kontinentalsokkel.

Dei første utvinningsløyvene på norsk sokkel vart tildelte i 1965, og den første leitebrønnen blei bora året etter.

Verksemda høyrde den gongen inn under Industridepartementet sitt ansvarsområde. Aktiviteten auka utover i 1960-åra, og det blei etter kvart behov for ei anna administrativ ordning frå styresmaktene si side.

Regjeringa sette difor ned eit utval i 1970 som skulle greie ut den framtidige oljeadministrasjonen for landet.
Utvalet gjekk gjennom styresmaktene sine oppgåver og fann at desse kunne delast i tre:

  1. Sentralstyringsfunksjonen: å formulera den offentlege politikken, noko som naturleg høyrer heime i eit departement i den grad det ikkje er ei oppgåve for Regjering eller Storting.
  2. Forvaltingsfunksjonen: forvaltning, kontroll og utforsking.
  3. Forretningsfunksjonen: forretningsdrift, som eit resultat av statsdeltaking i utvinningsløyvingar.

Den 14. juni 1972 vedtok Stortinget samrøystes å oppretta Oljedirektoratet (OD) og Den norske statsoljeselskap a.s (Statoil), til å ta hand om forvaltingsfunksjonen og forretningsfunksjonen.

Samstundes vart Industridepartementet styrka ved oppretting av ei eiga olje- og bergverksavdeling. Det blei vedteke å plassera OD og Statoil i Stavanger, kor OD kom i gong 1. april 1973.

I 1978 vart olje- og energisaker skilt ut frå Industridepartementet ved oppretting av Olje- og Energidepartementet.

I 1979 vart det konstitusjonelle ansvaret for saker som gjeld tryggleik, arbeidsmiljø og beredskap på sokkelen overført frå Olje- og energidepartementet til Kommunal- og arbeidsdepartementet. Dette medførte at OD frå då av vart underlagt to departement.

Den 1. april 2001 vart Arbeidsmiljø- og sikkerhetsavdelinga i Kommunal- og regionaldepartementet formelt overført til Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Med dette byrja OD å rapportere til AAD i arbeidsmiljø- og tryggleikssaker.

Kontinentalsokkelloven av 21. juni 1963 vart avløyst av Lov 22. mars 1985 om petroleumsverksemda frå 1. juli 1985. Denne lova blei erstatta av ei ny lov om petroleumsverksemda 1. juli 1997. Lova er supplert med forskrifter fastsett ved kgl. res. innanfor Olje- og energidepartementets og Arbeids- og administrasjonsdepartementets konstitusjonelle ansvarsområde.

Frå 1. januar 2004 blei arbeidsmiljø- og tryggleiksoppgåvene skilt ut frå OD til det nyoppretta Petroleumstilsynet. Dette kom som eit resultat av behandlinga av Stortingsmelding nr. 17 (2002-2003) Om statlige tilsyn. Stortinget vedtok då å skilla tilsynet med tryggleik og arbeidsmiljø frå forvaltninga av petroleumsressursane. OD og Petroleumstilsynet har kontorer vegg i vegg, på Ullandhaug i Stavanger. 

OD har i dag vel 200 tilsette i Stavanger og Harstad.


03.06.2008