Petroleumsregisteret er eit register over alle utvinningsløyve, jamfør Petroleumslova (pl) § 4-2 og løyver som omhandla i pl §4-3, i praksis vil det seie røyrleidningsløyve.
Bestemmingar om petroleumsregisteret er teke inn i petroleumslova kapittel 6 og i føreskrift om petroleumsregisteret (prf).
I hendhald til prf § 2-3 skal rettshavar sende skriftleg melding til registerføraren ved dei nærmare angitt endringane i løyva. Nokre av endringane er nemnte nedanfor då det er ein del forhold som må takast i vare i dei dokumenta som skal sendast inn.
Prf kap 4 regulerar framgangsmåten ved registrering av opplysningar i petroleumsregisteret og kva rettshavar skal senda inn av dokument. I tillegg til det som er teke inn her, gjeld reglane i tinglysingslova kapittel to og tre så langt dei passar, her § 17 om bekrefting av underskrifter.
§ 17: Skal et skjøte eller pantdokument som ikke er utstedt av offentlig myndighet, kunne anmerkes i grunnboken, må underskriften være bekreftet i samsvar med forskrifter gitt av departementet. Det skal uttrykkelig bekreftes at underskriften er skrevet eller vedkjent i vedkommendes nærvær, og erklæres om utstederen er over 18 år.
Følgjande dokument skal sendast inn ved
a) Overdraging (prf § 2-3, bokstav f); overdragingsdokument (skjøte) med bekrefta kopi, firmaattest for seljar og samtykke frå Olje- og energidepartementet (OED) og Finansdepartementet. Den eller dei som underteiknar overdragingsdokumentet på vegne av seljar må ha signatur, og dette må gå fram av firmaattesten. Prokura er ikkje tilstrekkeleg. Underskrifta/underskriftene på overdragingsdokumentet må som nemnt vera bekrefta etter reglane i tinglysingslova § 17. Dersom den eller dei som har signatur gjev fullmakt til ein annan til å underteikna, må fullmakta vera bekrefta på tilsvarande måte.
b) Pantsetting (prf § 2-3 bokstav e); pantobligasjon med bekrefta kopi, firmaattest for pantsettar (rettshavargruppa eller den enkelte rettighetshavar), samtykke frå OED og kvittering for betalt gebyr, jf prf § 4-3. For underskrifter gjeld same regel som for overdraging. Når det gjeld innhald i pantobligasjonen syner me til prf § 3-4.
c) Transport av pantobligasjon (jf prf § 2-3 bokstav e); transport på originaldokumentet med bekrefta kopi, samtykke til pantoverdraging frå OED, firmaattest for den eller dei som overdreg panteretten. For underskrifter gjeld same regel som for overdraging.
d) Endring av selskapsnamn (prf § 2-3 bokstav b); firmaattest som syner det nye namnet.
e) Oppgjevnad (prf § 2-3 bokstav d); samtykke frå OED og melding (brev) som syner at utvinningsløyve er ønska oppgitt. Meldinga skal vera underskrive av to personar.
Den einaste registreringa det skal betalast gebyr for, er registrering av pantsettingar, jf pkt b).
Sakshandsamingstida i Oljedirektoratet for registrering av endringar i løyva vil vera om lag tre dagar. Føresetnaden er at alle naudsame og korrekt utfylde dokument er sende inn.
Ein kan krevja utskrift frå petroleumsregisteret, jf prf § 1-4. I hendhald til bestemminga skal det betalast eit gebyr til Oljedirektoratet på ein tredjedels rettsgebyr for kvart løyve som utskrifta omfattar. Gebyret må betalast på førehand til konto nr. 769405 00326.
Referansedokument: