Forord av olje- og energiminister Terje Riis-Johansen

29.06.2010
Terje-Riis-Johansen
Når vi no har passert eit nytt tiår er det med ei kjensle av å gå inn i ein ny tidsalder og ei ny energirøynd. Samtidig er det freistande å sjå seg litt tilbake når ein passerer slike milepælar, og summere opp det som har vore.

Petroleumsverksemda og inntektene derifrå har gjennom nesten 40 år bidrege til vekst, sysselsetjing, utvikling av teknologi og velferdstilbod i eit tempo og eit omfang som elles ikkje ville vore mogleg. Det skal vi vere stolte over og takksame for.

Endå viktigare er det å sjå mot neste bakketopp når vi no er inne i 2010 – for også i framtida vil utviklinga i petroleumsverksemda vere heilt vesentleg for utviklinga av det norske samfunnet. Dei neste 40 åra vil bli minst like krevjande – og like avgjerande – som dei vi no har lagt bak oss.

Alt i alt er det til no produsert snaue 40 prosent av dei ressursane ein reknar med at finst på kontinentalsokkelen. Oljeproduksjonen har gradvis gått ned dei siste åra og er no vesentleg lågare enn i toppåret 2001. Det er ei naturlig følgje av at dei store felta våre mognar. Det krevst stor innsats for å redusere nedgangen i produksjon frå år til år. Vi har ikkje fått sett i produksjon nye funn av eit omfang som har kunna vege opp produksjonsnedgangen frå dei eksisterande felta.

Derimot har gassproduksjonen vakse kraftig dei siste ti åra. Felt som Ormen Lange og Snøhvit har auka den norske gasseksporten. Det er også etablert ein stor og robust infrastruktur for gasseksport som vi vil ha glede av i tiår framover.

Energirøynda slik vi kjenner henne, er i konstant utvikling og endring. Den økonomiske krisa har ført til mindre etterspørsel etter gass. Samtidig har tilbodet auka. I USA har gassproduksjonen frå nye kjelder vakse overraskande mykje, og store mengder LNG strøymer no ut frå nye anlegg i Midtausten. Dei neste åra ser vi ein utfordrande situasjon i gassmarknaden. På lengre sikt vil gassmarknaden bli meir balansert etter kvart som etterspørselen tek seg opp.

På norsk sokkel ynskjer vi fleire funn, både i mogne og umogne område. Difor må det leitast. Målet med TFO-ordninga er å få meir aktivitet i mogne område på norsk sokkel. God og regelmessig tilgang på leiteareal er nødvendig for å sikre vidare aktivitet. I 2010 skjer den største utvidinga av TFO-området i blokker som er omfatta av tildeling i førhandsdefinerte område sidan ordninga vart etablert i 2003. Også i mogne område skal det leggjast til rette for leiting gjennom regelmessige tildelingar.

Vi står òg ovanfor spennande år på andre område. Vi skal mellom anna utarbeide ei oljemelding, og forvaltningsplanen for Lofoten og Barentshavet skal oppdaterast. Utfordringane våre går langs fleire liner. Meir av dei ressursane som er igjen i bakken må utvinnast for å halde oppe høg aktivitet på norsk sokkel.

Både auka utvinning og stor leiteaktivitet vil gjere sitt til å oppretthalde denne aktiviteten i eit langsiktig perspektiv.

Klimaendringane inneber at utsleppet av klimagassar må reduserast. Noreg har med bakgrunn i vår kompetanse i petroleumsverksemda ei viktig rolle som bidragsytar for å utvikle teknologi som kan redusere dei globale klimagassutsleppa. I det vidare arbeidet må vi både halde fram med å levere energi som er produsert mest mogleg miljøvennleg, og bidra til å redusere utsleppet av klimagassar. Det har eg stor tru på at vi skal greie!

Når dette Faktaheftet går i trykken har Noreg og Russland akkurat blitt samde om ei løysing på delelinjespørsmålet i Barentshavet og Polhavet. Avtalesignering og ratifikasjon gjenstår. Dette er svært positivt og gir eit godt grunnlag for økt aktivitet og samarbeid mellom Noreg og Russland på petroleumssektoren, både på myndigheitsplan og mellom industrielle aktørar. Det er enno ikkje laga ferdig kart som viser kor delelinja ligg. Dette vil bli tatt inn i neste års utgåve.

Faktaheftet gir eit breitt bilete av den norske petroleumsverksemda, og tek for seg dei fleste sidene ved verksemda. Eg vonar at heftet kan bidra med nyttig informasjon om sektoren, både til dei som alt har kunnskap næringa, men også til dei som enno ikkje veit så mykje om denne viktige verksemda.

God lesing!

 

Terje Riis-Johansen
Olje- og energiminister