|
I 2009 var det 40 år sidan Ekofisk blei funne og 30 år sidan Statfjord starta produksjonen. For 20 år sidan kom nesten tre firedelar av oljeproduksjonen frå dei fire felta Ekofisk, Statfjord, Gullfaks og Oseberg. Biletet i 2010 er meir mangfaldig, men framleis står dei eldste felta for ein stor del av produksjonen. Ei hovudutfordring er at innretningane på mange av dei store felta eldest. Dette betyr at investeringsvedtak eller mangel på slike vedtak i desse felta langt på veg vil bestemme ressursuttaket i framtida. Avgjerslene må takast i dei neste fem til ti åra for at ressursane ikkje skal gå tapt. Rolla til Oljedirektoratet (OD) er å vere ein pådrivar overfor selskapa, slik at ressursane blir omgjorde til verdiar for samfunnet.
I 2005 meinte OD at det var realistisk, men ambisiøst, å leggje til grunn at oljereservane på norsk sokkel kunne aukast med 5 milliardar fat i perioden 2005–2015. Om lag 75 prosent av auken måtte kome frå felt i produksjon. No er vi halvvegs i perioden, men vi ser at det kan bli vanskeleg å nå målet. Det understrekar behovet for betydeleg sterkare innsats frå oljeselskapa, ikkje minst dei selskapa som er rettshavarar på felt i produksjon, og der nedtrappinga fram mot avslutning har begynt. Valet står mellom å re-investere noko av overskotet frå desse felta for å auke utvinninga endå meir, eller å nøye seg med å realisere det som alt er planlagt produsert, og stengje ned når det er gjort.
Ut frå planane i dag vil i gjennomsnitt om lag 54 prosent av oljen bli liggjande att i undergrunnen. Sjølv om norske felt har svært høg utvinningsgrad for olje samanlikna med andre land, vil OD vere ein aktiv pådrivar for å auke utvinninga i åra som kjem. Det vil krevje store investeringar, men inntektspotensialet er tilsvarande. Vi følgjer særleg planane for vidareutvikling av Ekofisk-området og Tampen-området. Det er her dei største tidskritiske ressursane ligg.
Det vart lagt merke til at OD ikkje delte ut nokon pris for auka utvinning i 2009, IOR-prisen. Denne prisen gjev OD for mot og innsats for å auke utvinninga ut over det som alt ligg inne i utvinningsplanar for felta. Vi ventar at vi skal kunne dele ut ein pris i 2010.
Mykje av innsatsen for å halde oppe produksjonen og auke reservetilveksten er knytt til boring av produksjonsbrønnar. Talet på brønnar som blir bora, har gått ned i ein periode då det burde ha gått opp. Slik vi ser det, er ei viktig årsak til at produksjonen har minka meir i dette tiåret enn prognosane tilsa, nettopp at det vart bora stadig færre produksjons- og injeksjonsbrønnar. På kort sikt reknar OD med at det vil bli bora fleire utvinningsbrønnar for å auke produksjonen. På lengre sikt må også andre metodar takast i bruk, og OD vil vere ein sterk pådrivar i dette arbeidet.
I 2009 blei det produsert mindre væske (olje, kondensat og NGL) enn i 2008, medan gassproduksjonen sette nye rekordar. I 2013 vil gassproduksjonen utgjere om lag 50 prosent av den samla norske petroleumsproduksjonen.
Som ressursforvaltar skal OD bidra til å skape verdiar for det norske samfunnet. Nedgangen i oljeproduksjon lèt seg ikkje stoppe. Det er naturen som avgjer kor store ressursane er, men det er menneskeleg innsats som avgjer kor mykje vi skal få ut av felta. Difor er det viktig å auke utvinninga frå felt i produksjon, slik at produksjonsfallet ikkje blir for bratt. Det er også viktig å gjere nye funn for å oppretthalde produksjonen.
I 2009 vart det sett ny leiterekord på norsk sokkel. Det vart avslutta 72 leitebrønnar (47 undersøkingsbrønnar og 25 avgrensingsbrønnar), og det vart gjort 28 funn. Dei fleste funna var små, men mange av dei ligg nær felt i drift, og kan difor kome raskt i produksjon og bidra til å sikre framtidig produksjon frå desse felta. Funnraten på norsk sokkel i 2009 var høg, om lag 60 prosent. Dette er naturleg ettersom vi for ein stor del leitar i område som er godt kartlagde og utforska i fleire fasar. Siste gongen det vart opna nytt leiteareal på norsk sokkel var i 1994.
Klimakur 2020 er eit samarbeid mellom fleire direktorat under leiing av Klima- og forureiningsdirektoratet. Det er utarbeida menyar av tiltak som kan setjast i verk for at regjeringa skal nå målet sitt om utsleppskutt av klimagassar. OD har hatt ansvar for sektorrapporten for petroleum og for rapporten om fangst og lagring av CO2 (CCS). For petroleumssektoren er det vurdert tiltak som energieffektivisering, elektrifisering og CCS. Industrien har alt gjennomført ei rekkje tiltak innanfor energieffektivisering, ikkje minst på grunn av CO2-avgifta som vart innført i 1991. Vi ventar at dette arbeidet vil halde fram.
I 1996 vedtok Stortinget at kraft frå land, eller elektrifisering, skal vurderast for alle nye utbyggingar på norsk sokkel. Dette blir følgt opp i arbeidet med utbyggingsplanar for nye felt. OD har teke initiativ til at kraft frå land også skal vurderast i samband med store ombyggingar på felt i drift. OD er i ferd med å kartleggje eigna lagringsområde for CO2 på norsk sokkel, og det er inngått eit samarbeid med britiske styresmakter for å kartleggje heile Nordsjøen med tanke på lagringsmåtar. CO2 som blir skilt ut for lagring kan også vere ein ressurs som kan injiserast for å auke oljeutvinninga.
Bente Nyland Oljedirektør
|