Petroleumsverksemda – Noregs største næring

29.06.2010

Ved utgangen av 1950-åra var det svært få som trudde at havbotnen utanfor Norskekysten gøymde olje- og gassrikdommar. Men gassfunnet i Groningen i Nederland i 1959 førte til nytenking omkring petroleumspotensialet i Nordsjøen.

Med funnet av Ekofisk i 1969 begynte det norske oljeeventyret for alvor. Produksjonen frå feltet tok til 15. juni 1971. I åra etterpå blei det gjort ei rekkje store funn. I dag er 65 felt i produksjon på den nor-ske kontinentalsokkelen. Desse felta produserte i 2009 meir enn 2,3 millionar fat olje (inkludert NGL og kondensat) per dag og 102,7 milliardar standard kubikkmeter (Sm3) gass, ein produksjon av salbar petroleum på i alt 238,6 millionar Sm3 oljeekviva-lentar (o.e.). I 2008 var Noreg rangert som den sjette største oljeeksportøren og den ellevte største oljeprodusenten i verda. Noreg var i 2008 verdas nest største gasseksportør, og verdas femte største gassprodusent.

 

Dei største oljeeksportørane (inkludert NGL/kondensat) og dei største gasseksportørane i 2008

Figur 1.1 Dei største oljeeksportørane (inkludert NGL/kondensat) og dei største gasseksportørane i 2008
(Kjelde: KBC Market Services/Cedigaz)

  

Petroleumsverksemda i det norske samfunnet 

Petroleumsverksemda har hatt svært mykje å seie for den økonomiske veksten i Noreg og finansier-inga av det norske velferdssamfunnet. Gjennom 40 år har næringa skapt verdiar for rundt 8000 milli-ardar kroner, målt i pengeverdien i dag. I 2009 stod petroleumssektoren for 22 prosent av verdi skapinga i landet. Verdiskapinga i petroleumsnæringa er nærare tre gonger høgare enn i landindustrien, og omkring 22 gonger den samla verdiskapinga i primær næringane.

Skatt frå utvinningsselskapa og direkte eigar-skap (SDØE) sikrar staten ein stor del av verdiane som petroleumsverksemda skaper. Nettokontant-straumen frå sektoren utgjorde om lag 27 prosent av dei samla inntektene til staten i 2009. Statens kontantstraum blir overført til eit eige fond, Statens pensjonsfond – Utland. Ved utgangen av 2009 var verdien av fondet 2 640 milliardar kroner.

Petroleumsinntektene blir fasa gradvis inn i øko-nomien ved å dekkje det strukturelle oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet. Innfasinga skjer om lag i takt med utviklinga i forventa realavkastning av fondet.

I 2009 stod råolje, naturgass og rørtenester for om lag halvparten av Noregs eksportverdi. Petroleumseksporten utgjorde nærare 480 milliardar kroner i 2009. Det er 11 gonger meir enn eksportverdien av fisk.

Sidan oppstarten av petroleumsverksemda på den norske kontinentalsokkelen er det investert enorme summar i leiting, utbygging av felt, transportinfrastruktur og landanlegg. Per 31.12. 2009 var det investert om lag 3000 milliardar kroner, målt i pengeverdien i dag. I 2009 blei det investert samla omkring 136 milliardar kroner i næringa. Det utgjer 26 prosent av dei samla realinvesteringane i landet.

 

Makroøkonomiske indikatorar for petroleumssektoren

Figur 1.2 Makroøkonomiske indikatorer for petroleumssektoren 2009
(Kjelde Statistisk sentralbyrå/Finansdepartementet)

 

 

Fig.1.3 Storleiken på Statens pensjonsfond - Utland per 31.12.2009 og som del av BNP

Figur 1.3 Storleiken på Statens pensjonsfond - Utland per 31.12.2009 og som del av BNP
(Kjelde: Statistisk sentralbyrå/Norges Bank)

 

  

Utviklinga framover

Vi har produsert om lag 40 prosent av det ein reknar med er dei samla utvinnbare ressursane på den norske kontinentalsokkelen. Dei utvinnbare attverande ressursane utgjer eit stort potensial for verdi skaping også i mange år framover.

Figur 1.4 viser ein prognose for produksjonen frå den norske sokkelen. Prognosen tek utgangspunkt i eit estimat frå Oljedirektoratet over utvinnbare petroleumsressursar, og byggjer på at styresmaktene og industrien gjer dei vedtaka som må til for at ein skal kunne vinne ut ressursane som er igjen.

 

Fig.1.4 Produksjonsprognose

Figur 1.4 Produksjonsprognose
(Kjelde: Oljedirektoratet/ Olje- og energidepartementet)

 

Ein ventar at petroleumsproduksjonen vil halde seg relativt stabil dei næraste åra. Produksjonen av olje og andre væsker vil gradvis bli redusert. Gassalet vil derimot auke frå nivået i dag til mellom 105 og 130 milliardar Sm3 i løpet av det neste tiåret. Frå å utgjere 43 prosent av den norske petroleumsproduksjonen i 2009 vil gassproduksjonsdelen auke i åra framover. På lengre sikt vil talet på nye funn og storleiken på dei vere avgjerande for produksjonsnivået.

Investeringsnivået på norsk sokkel har auka dei siste åra, og ein reknar med eit fortsatt høgt investeringsnivå i åra som kommer. Finanskrisen har bidratt til et noe lågare aktivitetsnivå i 2010 enn tidlegare venta, men investeringane ser allikevel ut til å bli i overkant av 110 milliarder kroner (sett bort frå leiting). Den kraftige investeringsauka dei siste åra skuldas blant annet ein betydelig kostnadsvekst i sektoren. Analysebyrået IHS/CERA har estimert ein auke på omkring 80 prosent i perioden 2005 - 2009. I tillegg er sokkelen blitt meir moden, noko som medførar meir kompliserte og utfordrande forhold knytta til utvinning. Dette gjer det dyrare å utvinne ressursane.

Olje- og gassprisane er svært viktige for aktivitetsnivået og inntektane til staten. Oljeprisen har variert mykje dei siste 2-3 åra. I 2009 hadde oljeprisen ein stigande tendens gjennom året; fra omkring 40 dollar per fat i byrjinga av året til omtrent 80 dollar ved inngangen til 2010. Betring i verdsøkonomien, aukande oljeforbruk i framvaksande økonomiar og produksjonsbegrensningar frå OPEC var nokon faktorar som bidrog til prisoppgangen i 2009.
 

Fig.1.5 Historiske investeringar (investering i leiting er ikkje inkludert).

Figur 1.5 Historiske investeringar (investering i leiting er ikkje inkludert)
(Kjelde: Oljedirektoratet/ Olje- og energidepartementet)