Petroleumsressursane

29.06.2010

Oljedirektoratet reknar med at dei totale oppdaga og uoppdaga petroleumsressursane på norsk kontinentalsokkel utgjer om lag 13 milliardar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e.). Av dette er det produsert i alt 5,3 milliardar Sm3 o.e., som svarar til 40 prosent av dei totale ressursane. Dei totale attverande utvinnbare ressursane utgjer dermed 8,1 milliardar Sm3 o.e. Av dette er 4,8 milliardar Sm3 o.e. påviste ressursar, medan estimatet for dei uoppdaga ressursane er 3,3 milliardar Sm3 o.e.

Samla tilvekst av utvinnbare ressursar frå leiteverksemda i 2009 er 62 millionar Sm3 olje og 83 milliardar Sm3 gass. Det blei gjort 28 nye funn i totalt 72 avslutta leitebrønnar. Mange av funna er ikkje ferdig evaluerte, og estimata er difor svært usikre.

Sidan produksjonen tok til på norsk kontinentalsokkel i 1971, er det produsert petroleum frå i alt 78 felt. I 2009 starta produksjonen frå fem nye felt: Alve, Rev, Tyrihans, Volund og Yttergryta. Av dei felta som var i produksjon ved årsskiftet 2009/2010, ligg 52 i Nordsjøen, 12 i Norskehavet og eit i Barentshavet. Plan for utbygging og drift (PUD) for to nye felt, Goliat og Oselvar, blei godkjent i 2009. Det blei innvilga PUD-fritak for Vega Sør olje og for Snorre Eksport.

Figur 10.1 viser estimata for utvinnbare ressursar på norsk kontinentalsokkel. Mengdene er delte inn etter Oljedirektoratet si ressursklassifisering og viser totale ressursar, væske og gass.

 

Fig.10.1 Petroleumsressursar og uvissa i estimata per 31.12.2009 (Kjelde: Oljedirektoratet)

Figur 10.1 Petroleumsressursar og uvissa i estimata per 31.12.2009
(Kjelde: Oljedirektoratet)


Ressursar 

Ressursar er eit samleomgrep for teknisk utvinnbare petroleumsmengder. Ressursane blir klassifiserte etter kor modne dei er, sjå figur 10.2. Klassifiseringa viser kor store petroleumsmengder som er vedtekne eller godkjende for utbygging (reservar), kor store mengder som er avhengige av avklaring og vedtak (avhengige ressursar), og kor store mengder ein reknar med vil bli funne (uoppdaga ressursar). Hovudklassane er dermed reservar, avhengige ressursar og uoppdaga ressursar.

Den detaljerte ressursrekneskapen per 31.12.2009 er framstilt i tabell 10.1 og i tabellar i Vedlegg 2.

 

Fig.10.2 Oljedirektoratet si ressursklassifisering (Kjelde: Oljedirektoratet)

Figur 10.2 Oljedirektoratet si ressursklassifisering
(Kjelde: Oljedirektoratet)


Reservar 

Reservar omfattar attverande, utvinnbare petroleumsressursar i førekomstar som styresmaktene har godkjent PUD for, eller gitt PUD-fritak for. Reservar omfattar også petroleumsressursar i førekomstar som rettshavarane har vedteke å vinne ut, men der styresmaktene enno ikkje har ferdigbehandla planen i form av ei PUD-godkjenning eller eit PUD-fritak.

PUD-godkjenningar og vedtak om auka utvinning på felt har gitt reservetilvekst i 2009, men på grunn av store nedjusteringar av reservane på fleire felt, mellom anna Ormen Lange og Heidrun, er brutto gass- og væskereservar redusert med 4 millionar Sm3 o.e. i 2009. Då det samstundes blei produsert 233 millionar Sm3 o.e. i 2009, viser ressursrekneskapen ein netto reduksjon i attverande reservar på 237 millionar Sm3 o.e. som svarer til om lag 7 prosent.

Når det gjeld styresmaktene sitt mål om å modne fram 800 millionar Sm3 olje til reservar før 2015, blei 64 millionar Sm3 olje bokførte som nye reservar i 2009. I perioden frå 2005 til 2009 har samla reservetilvekst vore på totalt 294 millionar Sm3 olje.


Avhengige ressursar

Avhengige ressursar omfattar påviste petroleumsmengder som ein enno ikkje har vedteke å produsere. Avhengige ressursar i felt, ikkje medrekna ressursar frå moglege framtidige tiltak for auka utvinning (ressurskategori 7A), auka med 98 millionar Sm3 o.e. Årsaka til dette er at det i 2009 har vore ei generell modning av ressursar i prosjekt på felt. Det er felta Troll, Ekofisk og Eldfisk som bidrar mest til denne auka.

Estimatet for avhengige ressursar i funn er justert ned med 59 millionar Sm3 o.e., til 716 millionar Sm3 o.e. Sjølv om tilveksten av ressursar frå nye funn har vært positiv, kan reduksjonen blant anna forklarast ved at ressursar er modna til reservar for funna Goliat, Oselvar og 33/9-6 Delta. I tillegg er ressursanslaga for tre av funna i Norskehavet og eit funn i Barentshavet redusert med til saman 93 millionar Sm3 o.e. i forhold til fjorårets rekneskap.

Ressurspotensialet for moglege framtidige tiltak for auka oljeutvinning (ressurskategori 7A ) er endra i høve til i fjor. Estimatet for olje er 160 millionar Sm3 o.e. og estimatet for gass er 70 mill Sm3 o.e.


Uoppdaga ressursar 

Uoppdaga ressursar omfattar petroleumsmengder som ein reknar med finst i definerte leitemodellar, stadfesta og ikkje-stadfesta, men som enno ikkje er påviste ved boring (ressurskategoriane 8 og 9). Estimatet over dei totale uoppdaga ressursane er redusert til 3,3 milliardar Sm3 o.e. som følgje av at estimatet for Barentshavet er redusert med 120 millionar Sm3 o.e. frå i fjor.


Nordsjøen 

Produksjonen frå Nordsjøen det siste året var på 155 millionar Sm3 o.e. inklusiv historisk korreksjon av kondensat for felta Gungne, Sigyn, Sleipner Vest og Sleipner Øst. Tilveksten av brutto reservar var 70 millionar Sm3 o.e. Dette førte til at attverande reservar i Nordsjøen blei reduserte med 85 millionar Sm3 o.e. Avhengige ressursar i felt auka med 108 millionar Sm3 o.e. blant anna som følgje av at fleire prosjekt for auka utvinning, spesielt på felta Troll, Ekofisk, Eldfisk og Tor, blei modna frå ressurskategori 7A til ein meir moden ressurskategori. Avhengige ressursar i funn auka med 72 millionar Sm3 o.e. etter ein relativt god ressurstilvekst frå leiting, og auka ressursestimat for fleire av funna i Nordsjøen. Det er gjort 21 nye funn i Nordsjøen i 2009.


Norskehavet 

Produksjonen frå Norskehavet i 2009 var 74 millionar Sm3 o.e. Som følgje av ein betydelig reduksjon av reservar i Ormen Lange og Heidrun, blei attverande reservar reduserte med 187 millionar Sm3 o.e. i høve til i fjor. Det er gjort sju nye funn i Norskehavet i 2009. Likevel er estimatet for avhengige ressursar i funn redusert med 6 millionar Sm3 o.e. i høve til rekneskapen i fjor. Årsaka er blant anna reduserte ressursestimat for 6406/9-1 Onyx og 6506/6-1 Victoria.


Barentshavet 

Produksjonen frå Barentshavet i 2009 var på 4 millionar Sm3 o.e. Attverande reservar har auka med 34 millionar Sm3 o.e., medan avhengige ressursar er redusert med 126 millionar Sm3 o.e. Endringane er mellom anna ein følgje av at ressursane i Goliat har modna til reservar, i tillegg til at tre funn er omklassifisert til RK 6. Det er ingen nye funn i Barentshavet i 2009.

 

Tabell 10.1 Ressursrekneskapen per 31.12.2009

Tabell 10.1 Ressursrekneskapen per 31.12.2009