|

Figur 11.1 Område på den norske kontinentalsokkelen (Kjelde: Oljedirektoratet)
Den sørlege delen av Nordsjøen
Den sørlege delen av Nordsjøen er framleis ein viktig petroleumsprovins for Noreg, 40 år etter at Ekofisk blei funne. Ekofisk er no det største feltet på norsk kontinentalsokkel, målt i dagleg produksjon. Det er i dag 11 felt i produksjon i den sørlege delen av Nordsjøen, medan to felt er under utbygging; Yme og Oselvar. Sju felt har avslutta produksjonen, men eit av dei, Yme, skal starte ny produksjon frå hausten 2010. Innretningar som er stengde ned blir no fjerna. Ekofisk er eit knutepunkt for petroleumsverksemda i området, og mange felt er knytte til infrastrukturen på Ekofisk for vidare transport i Norpipesystemet. Det er framleis store ressursar att i den sørlege delen av Nordsjøen, særleg i dei store kritfelta heilt i sør. Ein ventar difor at det vil bli produsert olje og gass derifrå kanskje i 40 år til.

Figur 11.2 Felt og funn i den sørlege delen av Nordsjøen (Kjelde: Oljedirektoratet)
Den midtre delen av Nordsjøen
Den midtre delen av Nordsjøen har ei lang petroleumshistorie. Balder, som blei påvist i 1967, var det første oljefunnet på norsk kontinentalsokkel, sjølv om feltet ikkje blei bygt ut før 30 år seinare. Den første utbygginga var gassfeltet Frigg, som produserte i nær 30 år før det blei stengt ned i 2004. Det er i dag 19 felt i produksjon i den midtre delen av Nordsjøen og fleire funn er under planlegging for utbygging. Seks felt i Friggområdet har avslutta produksjonen, og innretningane er no fjerna. Det er mogeleg at somme av desse kan bli bygt ut på nytt seinare. Heimdal har produsert gass sidan 1985, og er no i første rekkje eit gassenter som utfører prosesseringstenester for andre felt. Sleipnerfelta representerar eit viktig knutepunkt i gasstransportsystemet på norsk kontinentalsokkel. Olje og gass frå felta i den midtre delen av Nordsjøen blir transportert dels med skip og dels i rørleidningar til landanlegg i Noreg og Storbritannia.

Figur 11.3 Felt og funn i den midtre delen av Nordsjøen (Kjelde: Oljedirektoratet)
Den nordlege delen av Nordsjøen
Den nordlege delen av Nordsjøen omfattar dei to hovudområda Tampen og Oseberg/Troll. I dag er det 23 felt i produksjon i denne delen av Nordsjøen og tre felt er under utbygging; Gjøa, Vega og Vega Sør. I Tampenområdet har det vore produksjon i 30 år, men ressurspotensialet er framleis stort, og ein ventar at det vil vere produksjon i området i meir enn 20 år til. Statfjord er no i seinfase med produksjon av attverande gass som går i rør til Storbritannia. Troll har ein svært viktig funksjon for gassforsyninga frå norsk kontinentalsokkel, og vil vera hovudkjelda for norsk gasseksport i dette hundreåret. I Osebergområdet minkar oljeproduksjonen, men felta her vil produsere ennå i mange år. Olje og gass frå felta i den nordlege delen av Nordsjøen blir transportert dels med skip og dels i rørleidningar til landanlegg i Noreg og Storbritannia.

Figur 11.4 Felt og funn i den nordlege delen av Nordsjøen, februar 2010 (Kjelde: Oljedirektoratet)

Figur 11.5 Innretningar i Tampenområdet (Kjelde: Statoil)
Norskehavet
Norskehavet som petroleumsprovins er mindre modent enn Nordsjøen. Draugen var det første feltet som kom i produksjon, i 1993, og det er no 12 felt som produserer i Norskehavet etter at Tyrihans og Alve blei bygt ut. To felt er under utbygging; Skarv og Morvin. Ingen av felta i Norskehavet har avslutta produksjonen. Norskehavet har store gassreservar. Produsert gass frå felta blir transportert i rørleidningen Åsgard Transport til Kårstø i Rogaland, og i Haltenpipe til Tjeldbergodden i Møre og Romsdal. Gassen frå Ormen Lange går i rørleidning til Nyhamna og derifrå vidare til Easington i Storbritannia. Oljetransporten frå felta i Norskehavet skjer med tankskip.

Figur 11.6 Felt og funn i Norskehavet (Kjelde: Oljedirektoratet)
Barentshavet
Barentshavet blir rekna som ein umoden petroleumsprovins. Det er bare eit felt som er bygt ut i området; Snøhvit, som kom i produksjon i 2007. Gassen frå Snøhvit blir ført i rør til Melkøya, der han blir prosessert og nedkjølt til LNG som blir frakta med spesialskip til marknaden. Utbygging av Goliat blei godkjent av styresmaktene i juni 2009 og produksjonsstart er planlagt hausten 2013.

Figur 11.7 Felt og funn i Barentshavet (Kjelde: Oljedirektoratet)
Felt i produksjon
|