Organisering av norsk ressursforvalting

29.06.2010

Interessa for oljeleiting på den norske kontinentalsokkelen oppstod tidleg i 1960-åra. På den tida fanst det ingen norske oljeselskap, og svært få norske institusjonar, offentlege eller private, hadde kunnskap om petroleums relatert verksemd. Det var også eit spørsmål om det verkeleg fanst særleg store petroleumsressursar på norsk sokkel. Heilt frå starten av var det nødvendig med nasjonal administrasjon og kontroll over petroleumsaktiviteten. Utfordringa for Noreg i samband med oppbygginga av petroleums verksemda var å få på plass eit system for forvaltning av petroleumsressursane – eit system som ville maksimere verdiane for heile det norske folket og det norske samfunnet.

Styresmaktene valde til å begynne med ein modell med utanlandske selskap til å drive petroleumsverksemda. Etter kvart auka det norske engasjementet ved at Norsk Hydro kom med, og i 1972 blei det oppretta eit oljeselskap der staten var eineeigar, Statoil. Eit privat norsk selskap, Saga Petroleum, kom også til. Saga blei i 1999 kjøpt opp av Norsk Hydro. I 2007 blei olje- og gassverksemda i Norsk Hydro slått saman med Statoil, og selskapet fekk namnet StatoilHydro ASA. Frå 1. november 2009 bytte selskapet namn til Statoil ASA.


Dagens ressursforvaltningsmodell 

For at oljeselskapa skal kunne gjere rasjonelle vedtak om investeringar, er det ein føresetnad at rammeverket er føreseieleg og transparent. Organiseringa av verksemda, og rolle- og ansvarsdelinga, skal sikre viktige samfunns omsyn og at verdiskapinga kjem fellesskapet til gode. Samtidig speler om synet til det ytre miljøet, helse, arbeidsmiljø og tryggleik ei viktig rolle.

Norske og internasjonale oljeselskap står for sjølve drifta av petroleumsverksemda på den norske kontinental sokkelen. Konkurransen mellom oljeselskapa gir dei beste resultata når det gjeld å maksimere verdien av petroleums ressursane. Samtidig er det viktig at styresmaktene forstår og kan evaluere avgjerslene som olje selskapa tek. Noreg har derfor etablert eit system der oljeselskapa har ideane og set i verk det tekniske arbeidet som skal til for å vinne ut ressursane, men verksemda deira krev offentleg godkjenning. Offentlege godkjenninger og tillatelser er nødvendig i alle fasar av petroleumsverksemda, frå tildeling av eit utvinningsløyve, i samband med innsamling av seismikk og leiteboring, til planar for utbygging og drift, og planar for avslutning av felt.

For at oljeselskapa skal bidra til å maksimere verdiane på den norske kontinentalsokkelen til beste for samfunnet vårt, er det nødvendig med eit rammeverk som gir petroleums industrien incentiv til å oppfylle statens målsetjingar, samtidig som selskapa oppfyller sine eigne mål om å maksimere sin eigen profitt. Via petroleums skattesystemet og Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) får staten ein betydeleg del av inntektene frå petroleumsverksemda. 5 Dette systemet er utforma slik at dersom olje selskapa tener pengar, vil også den norske staten tene pengar. Alle aktørane i den norske petroleums verksemda får dermed ei felles interesse av at utvinninga av dei norske petroleumsressursane skaper så store verdiar som råd.


Samarbeid og konkuranse

Samtidig som det er ønskjeleg med konkurranse, er det også ønskjeleg at aktørane i petroleumsindustrien samarbeider. Derfor tildeler styresmaktene som hovud regel utvinningsløyve til ei gruppe selskap i staden for berre til eitt selskap, som regel ut frå søknader frå olje selskapa i samband med tildelingsrundane. Dei viktigaste kriteria for tildeling er geologisk forståing, teknisk ekspertise, finansiell styrke og erfaringane som styres maktene har med oljeselskapet. Basert på søknadene set Olje- og energidepartementet saman ei rettshavargruppe og peikar ut ein operatør. I denne gruppa utvekslar oljeselskapa idear og erfaringar, samtidig som dei deler kostnadene og inntektene frå verksemda. Selskapa konkurrerer, men dei må også sam ar beide for å maksimere verdiane i det utvinningsløyvet dei har fått tildelt. Med dette systemet blir ekspertise og erfaringar frå fleire selskap frå heile verda samla. Rettshavargruppa fungerer også som eit internt kontroll system i utvinnings løyvet, der kvar rettshavar har rolla som kontrollør av arbeidet til operatøren.

Petroleumsverksemda blir driven av teknologiske nyvinningar. For at ein skal få mest mogleg ut av verdiane på den norske kontinentalsokkelen, må det sikrast at oljeselskapa heile tida bruker den beste tilgjengelege teknologien, og at dei driv nødvendig forsking og utvikling. Styresmaktene har derfor etablert eit miljø som fremjar teknologisk utvikling og eit rammeverk som sikrar at forskingsresultata blir nytta i den norske verksemda. Det er i dag eit nært sam arbeid mellom oljeselskapa, forskingsinstitusjonar, leverandørindustrien og styresmaktene når det gjeld teknologi og forsking.


Statleg organisering av petroleumsverksemda

Stortinget
Stortinget set rammene for petroleumsverksemda i Noreg, mellom anna ved å vedta lover. Store utbyggingssaker og prinspielle saker skal drøftast der. Stortinget kontrollerer også regjeringa og statsforvaltninga.

Regjeringa 
Regjeringa har den utøvande makta over petroleums politikken og står til ansvar overfor Stortinget for politikken sin. Til å utøve politikken får regjeringa hjelp frå departementa, underliggjande direktorat og tilsyn.

Ansvaret for dei ulike rollene i utøvinga av petroleums politikken er fordelt slik:

  • Olje- og energidepartementet - ansvar for ressursforvaltninga og sektoren under eitt
  • Arbeidsdepartementet - ansvar for helse, arbeidsmiljø og tryggleik
  • Finansdepartementet - ansvar for inntektene til staten
  • Fiskeri- og kystdepartementet - ansvar for det ytre miljøet˜

 

Fig.2.1 Statleg organisering av petroleumsverksemda

Figur 2.1 Statleg organisering av petroleumsverksemda
(Kjelde: Statsbudsjett)

 


Meir om organiseringa av petroleumsverksemda


OLJE- OG ENERGIDEPARTEMENTET

Olje- og energidepartementet har det overordna ansvaret for forvaltninga av petroleumsressursane på den norske kontinentalsokkelen. Departementet skal sjå til at petroleums verksemda blir driven etter dei retningslinjene Stortinget og regjeringa dreg opp. Departementet har i tillegg eit særskilt ansvar for å følgje opp dei statlege selskapa Petoro AS og Gassco AS, og det oljeselskapet som staten eig delar av, Statoil ASA.

 


Oljedirektoratet

Oljedirektoratet er administrativt underlagt Olje-og energidepartementet. Oljedirektoratet har ei sentral rolle innanfor petroleumsforvaltinga, og er eit viktig rådgivande organ for Olje- og energidepartementet. Oljedirektoratet utøver forvaltingsmyndigheit i samband med under søkingar etter og utvinning av petroleums førekomstar på den norske kontinentalsokkelen. Det omfattar óg myndigheit til å fastsette for skrifter og fatte vedtak etter regelverket for petroleumsverksemda.


Petoro AS 

Petoro AS er eit statleg selskap som tek hand om Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) på vegne av staten.


Gassco AS 

Gassco AS er eit statleg selskap som har ansvaret for transport av gass frå den norske kontinentalsokkelen. Selskapet er operatør for Gassled. Gassco har ikkje eigardelar i Gassled, men varetek operatør skapet på ein nøytral og effektiv måte i forhold til eigarane og brukarane.


Statoil ASA 

Statoil ASA er eit internasjonalt selskap som er til stades i 41 land. Selskapet er børsnotert i Oslo og New York. Staten eig per 31. desember 2009 67 prosent av aksjane i selskapet.

 

Meir om den statlege organiseringa av petroleumsverksemda

 


ARBEIDSDEPARTEMENTET
Arbeidsdepartementet har det overordna ansvaret for arbeidsmiljøet og for tryggleik og beredskap i samband med petroleumsverksemda.


Petroleumstilsynet

Petroleumstilsynet har myndighetsansvaret for teknisk og operasjonell tryggleik, herunder beredskap og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda.


Finansdepartementet
Finansdepartementet har det overordna ansvaret for å sørgje for at staten får inn skattar og avgifter (selskapsskatt, særskatt, CO2-avgift og NOx-avgift) frå petroleumsverksemda.


Oljeskattekontoret
Oljeskattekontoret er ein del av Skatteetaten, som er underlagd Finansdepartementet. Oljeskattekontoret skal først og fremst sørgje for rett fastsetjing og innbetaling av skattar og avgifter som politiske styresmakter vedtek.


Statens pensjonsfond – Utland
Finansdepartementet har ansvaret for å forvalte Statens pensjonsfond – Utland. Ansvaret for den operative forvaltninga er delegert til Noregs Bank.


FISKERI- OG KYSTDEPARTEMENTET

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvaret for å sikre god beredskap mot akutt forureining i norske farvatn.


Kystverket
Kystverket har ansvaret for den statlege oljevernberedskapen.


MILJØVERNDEPARTEMENTET

Miljøverndepartementet har det overordna ansvaret for forvaltninga av miljøvernet og det ytre miljøet i Noreg.


Klima- og forureiningsdirektoratet
Klima- og forureiningsdirektoratet har mellom anna ansvaret for å følgje opp forureiningslova. Ei anna sentral oppgåve er å gi Miljøverndepartementet råd og fagleg grunnlagsmateriell.