Petroleumsinntektene til staten

29.06.2010

Staten får store inntekter frå petroleumsverksemda. I 2009 kom 27 prosent av inntektene til staten derifrå. Figur 3.1 viser innbetalingane frå verksemda. Verdien av petroleumsressursane som er igjen på kontinentalsokkelen, er i nasjonal bud sjettet for 2010 vurdert til 4 744 milliardar kroner.


Staten sikrar seg ein stor del av verdiane som blir skapte, gjennom:

  • Skattleg av olje- og gassverksemda
  • Direkte eigarskap i felt og infrastuktur (Statens direkte økonomiske engasjement, SDØE)
  • Avgifter
  • Utbyte frå eigarskap i Statoil

Noreg har eit eige system for å sikre staten inntekter frå petroleumsverksemda. Hovudgrunngjevinga for dette systemset er den ekstraordinære avkastninga som er knytt til utvinning av ressursane. Vi må sjå skattesystemet i lys av at desse ressursane er fellesskapet sin eigedom, og at oljeselskapa får tilgang til å utnytte ein verdifull, men avgrensa ressurs.

  

Fig.3.1 Netto kontantstraum for staten frå petroleumsverksemda 

Figur 3.1 Netto kontantstraum for staten frå petroleumsverksemda
(Kjelde: Statsrekneskapen for 2009 og rekneskapstal for SDØE)

 

 

Fig.3.2 Netto kontantstraum for staten frå petroleumsverksemda 2009 (mrd. NOK)

 
Figur 3.2
Netto kontantstraum for staten frå petroleumsverksemda
2009 (mrd. NOK)
(Kjelde: Statsrekneskapen for 2009 og rekneskapstal for SDØE)

  

Petroleumsskattesystemet

Petroleumsskattlegginga byggjer på reglane for odinær bedriftsskattlegging. På grunn av den ekstraordinære lønnsemda ved utvinning av dei norske petroleums ressursane blir det i tillegg lagt ein særskatt på denne typen næringsverksemd. Den ordinære skattesatsen er som på land, 28 prosent. Særskattesatsen er 50 prosent. Når ein reknar ut grunnlaget for ordinær skatt og særskatt, blir investeringane avskrivne lineært over seks år fra det året investeringa skjer. Det er frådrag for alle relevante kostnader, medrekna kostnader til leiting, forsking og utvikling, finansiering, drift og fjerning. Konsolidering mellom felt er det fullt høve til.

For å skjerme normalavkastninga frå særskatt er det eit ekstra fråtrekk i utreknings grunnlaget for særskatt, kalla friinntekt. Ho er på 30 prosent av investeringane (7,5 prosent per år i fire år frå og med investeringsåret).

Selskap som ikkje er i skatteposisjon, kan føre fram underskot og friinntekt med rente. Selskapa kan også søkje om å få refundert skatteverdien av undersøkingsutgifter i samband med likninga.

Petroleumsskattesystemet skal være nøytralt, slik at eit investeringsprosjekt som er lønnsamt for ein investor før skatt, også vil vere det etter skatt. Dermed er det mogleg å ta omsyn både til betydelege inntekter til fellesskapet og til at selskapa ynskjer å gjennomføre lønsame prosjekt.

 

Fig.3.3 Utrekning av petroleumsskatt

Figur 3.3 Utrekning av petroleumsskatt
(Kjelde: Olje- og energidepartementet)

 

Avgifter 

Arealavgifta skal bidra til at tildete område blir utforska på ein effektiv måte, slik at eventuelle ressursar kjem i produksjon så fort som råd innanfor økonomisk forsvarlege rammer, og slik at eksisterande felt får lengre levetid.


Miljøavgifter

Viktige miljøavgifter for petroleumsverksemda er CO2-avgifta. Nox-avgifta og arealavgifta.

CO2-avgifta blei innført i 1991 og er eit verkemiddel for å redusere utslepp av CO2 frå petroleumsverksemda. CO2-avgifta skal betalast per standardkubikkmeter (Sm3) gass som blir brend eller sleppt direkte ut, og per liter petroleum som blir brend. For 2010 er satsen sett til 47 øre per liter petroleum eller standardkubikkmeter gass.

Noreg er med heimel i Göteborgprotokollen av 1999 forplikta til å redusere dei årlege utsleppa av nitrogenoksid (NOx), og derfor blei det innført ei NOx-avgift frå 1. januar 2007. For 2010 er satsen sett til 16,14 kroner per kilo NOx. Petroleumsverksemda er i tillegg omfatta av kvoteplikt. Det innebær at selskapa på sokkelen må kjøpe klimakvoter for kvart tonn CO2 dei slepp ut.


Normprisen

Dei fleste oljeselskapa på den norske kontinentalsokkelen er ein del av eit konsern med diversifisert global verksemd. Utvunnen petroleum blir derfor for ein stor del omsett til nærståande selskap.

For skattestyresmaktene kan det vere ei vanskeleg oppgåve å vurdere om prisfastsetjinga til nærståande selskap er slik som to uavhengige partar ville ha avtala seg imellom for kvart enkelt sal. For at ein skal unngå dette problemet, seier § 4  i petroleumsskatteloven at det kan fastsetjas normprisar som skal brukast til å rekne ut skattbar fastsetjing og bruk av normprisar.

Det er Petroleumsprisrådet (PPR) som fastset normprisen, som skal svare til det petroleum kunne vore omsett for mellom uavhengige partar. Som regel blir det sett normpris for kvar månad og for kvart felt. PPR møtest ein gong i kvartalet for å fastsetje prisane for kvartalet som er gått. Rådet tek imot informasjon og har møte med selskapa før den endelege normprisen blir sett. Avgjersla kan klagast inn for Olje- og energidepartementet innan 30 dagar. I tilfeller der PPR ikkje set nokon normpris, skal den faktisk oppnådde salsprisen leggjast til grunn ved likninga. Det gjeld for somme råolje-kvalitetar og NGL. For gass legg ein den faktiske salsprisen til grunn.


SDØE

I tillegg til skattar og avgifter og utbyte frå Statoil er Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) ei viktig inntektskjelde for staten. SDØE er ei ordning der staten eig ein del i mange olje- og gassfelt, røyrledningar og landanlegg. Eigarandelen i olje- og gassfelta blir fastsett ved tildeling av utvinningsløyve, og storleiken varierer frå av investeringane og kostnadene, og får ein tilsvarande var eineeigar av  utvinningsløyvet, og storleiken varierer frå felt til felt. Som ein av fleire eigarar dekkjer staten sin del av investeringane og kostnadene, og får ein tilsvarande del av inntektene frå utvinningsløyvet.

SDØE blei oppretta med verknad frå 1. januar 1985. fram til då hadde staten eigarskap i utvinningsløyvet berre gjennom selskapet Statoil, som staten var eineeigar av. Statoils deltakardelar blei i 1985 splitta i ein direkte økonomisk del til staten (SDØE) og ein del til Statoil. I samband med børsnoteringa av Statoil i 2001 blei handsaminga av SDØE-porteføljen overført til det statlege ivaretakarselskapet Petoro. Per 01.01.2010 hadde staten direkte økonomiske deltakardelar i 137 utvinningsløyve, og dessuten delar i 14 interessentskap i røyrledningar og landanlegg.


Utbyte frå Statoil

Staten eig 67 prosent av aksjane i Statoil. Som eigar i Statoil får staten utbyte som går inn i inntektene frå petroleumsverksemda. Utbytet betalt til staten i 2009 var på 15,5 mrd. kroner.

 

EITI

Extractive Industries Transparency Iniative (EITI) er eit internasjonalt inititiv der formålet er å styrkje godt styresett gjennom publisering av innteksstraumar til staten frå olje-, gass- og gruveselskap i land som er rike på naturressursar. Større openhet om pengestrømmar skal bidra til regjeringa si ansvarleg for korleis ho bruker pengane. Noreg valde hausten 2007 å implementere EITI.