Leiteverksemda

29.06.2010

For å kunne vinne ut petroleumsressursane som finst på den norske kontinentalsokkelen, må det leitast etter og påvisast ressursar. Leiteaktiviteten er ein viktig indikator på framtidig produksjon. Generelt tek det fleire år frå det blir avgjort at ein skal leite etter ressursar, til eventuelle funn kan setjast i produksjon. 10-15 år er ikkje uvanleg. Utforminga av leitepolitikken er derfor ein viktig del av langsiktig norsk ressursforvaltning.

 

Fig.4.1 Igangsette leitebrønnar på den norske kontinentalsokkelen 1966-2009

Figur 4.1 Igangsatte leitebrønnar på den norske kontinentalsokkelen 1966-2009
(Kjelde: Oljedirektoratet)

 

Oljeproduksjonen på norsk kontinentalsokkel har vore fallande dei seinare år. For styresmaktene er det viktig at leitepolitikken er utforma slik at det raskt og effektivt kan påvisast nye ressursar som kan motverka fallet i oljeproduksjon. Det er selskapa som står for sjølve leitinga etter og påvisinga av nye ressursar. Leitepolitikken er derfor utforma med tanke på at den norske kontinental sokkelen skal vere attraktiv for etablerte og nye aktørar som kan bidra til effektiv utforsking. Regjeringa vil gi selskapa tilgang til attraktivt leite areal. Desse areala skal vere ei blanding av modne område og nye, mindre utforska område der det er moglegheit for å finne ressursar.

Etter ein periode med låg leiteaktivitet tok den seg opp i 2007. 32 leitebrønnar blei påbegynte, medrekna 20 undersøkingsbrønnar. I 2008 blei det påbegynt 56 leitebrønnar. Av dei 56 leitebrønnane var det 41 undersøkingsbrønnar og 15 avgrensingsbrønnar. Det blei gjort 25 funn. I 2009 blei det satt ny rekord med 65 påbegynte leitebrønnar. Av dei var 44 under søkingsbrønnar og 21 avgrensingsbrønnar. Det blei gjort 28 funn, noko som er det høgaste talet så langt. Vidare leiteboring i umodne område i Norske havet og Barentshavet vil vere viktig for kartlegging og vurdering av ressursmoglegheitane i desse områda.

Ein grunnleggjande føresetnad for petroleumsverksemda er sameksistens mellom oljeindustrien og andre brukarar av hav- og landområda som petroleumsverksemda får følgjer for. Denne føresetnaden ligg også til grunn i konsesjonspolitikken. Når det gjeld både opning av nye område, utlysing av konsesjonsrundar og tildeling av utvinningsløyve, legg ein stor vekt på å finne ordningar som tek vare på interessene til alle brukarane av havområda. 


Konsesjonssystemet

Petroleumslova (lov 29. november 1996 nr. 72 om petroleumsvirksomhet) inneheld den overordna heimelen for konsesjonssystemet som regulerer norsk petroleumsverksemd. Etter lova og forskrifta til lova kan det tildelast løyve for undersøking etter, utvinning av og transport av petroleum m.m.

Petroleumslova slår fast at det er staten som har eigedomsretten til undersjøiske petroleumsførekomstar på den norske kontinentalsokkelen. Før det blir gitt løyve til leiteboring og produksjon (utvinningsløyve), må området der det skal borast, vere opna for petroleumsverksemd. I samband med det skal det utarbeidast ei konsekvensutgreiing som vurderer mellom anna dei økonomiske og sosiale verknadene og miljøverknadene som verksemda kan ha for andre næringar og distrikta rundt.

Utvinningsløyve blir til vanleg tildelte gjennom konsesjonsrundar. Regjeringa kunngjer då ei viss mengd blokker som det kan søkjast utvinningsløyve for. Søkjarane kan søkje som gruppe eller individuelt. Til grunn for tildelinga av utvinningsløyva ligg saklege, objektive, ikkje-diskriminerande og kunngjorde kriterium. På bakgrunn av søknadene som kjem inn, tildeler Olje- og energidepartementet utvinningsløyve til ei gruppe selskap. Departementet peikar ut ein operatør for interessentskapet til å stå for den operative verksemda som løyvet gir rett til.

Utvinningsløyvet regulerer rettar og plikter som selskapa har overfor staten. Dokumentet utfyller føresegnene i petroleumslova og gir detaljerte vilkår. Det gir einerett til undersøking, leiteboring og utvinning av petroleum innanfor det geografiske området for løyvet. Rettshavarane blir eigarar av petroleumen som blir produsert. Utvinningsløyvet gjeld i første omgang for ein initiell periode (leiteperiode) som kan vare i inntil ti år. I denne perioden skal det utførast ei fastsett arbeidsplikt i form av mellom anna geologisk/geofysisk forarbeid og/eller leiteboring. Dersom rettshavarane er einige om å gi opp utvinningsløyvet, kan det leverast tilbake etter at arbeidsplikta er oppfylt.

 

Modne og umodne område 

På den norske kontinentalsokkelen har Stortinget opna for petroleumsaktivitetar i mesteparten av Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet Sør. Estimat som Oljedirektoratet har gjort over uoppdaga ressursar i områda på sokkelen, er om lag på til saman 3,2 milliardar Sm3 utvinnbare oljeekvivalentar. Ressursane fordeler seg nokså likt mellom dei tre regionane, med om lag 37 prosent i Nordsjøen, om lag 37 prosent i Norskehavet og om lag 26 prosent i Barentshavet (sjå figur 4.2). Avhengig av kor modne områda er, varierer utfordringane med å realisere det økonomiske potensialet for dei uoppdaga ressursane.

 

Fig.4.2 Uoppdaga ressursar fordelt på område. Talet i kvar søyle viser venta utvinnbart volum medan uvissa i estimatet er vist ved den skrå linja, lågt estimat til venstre, høgt estimat til høgre

Figur 4.2 Uoppdaga ressursar fordelt på område. Talet i kvar søyle viser venta utvinnbart volum medan uvissa i estimatet er vist ved den skrå linja, lågt estimat til venstre, høgt estimat til høgre.
(Kjelde: Oljedirektoratet)

 

Kjenneteikn på modne område er kjend geologi, mindre tekniske utfordringar og godt utbygd eller planlagd infrastruktur. Det er svært sannsynleg at det vil bli gjort funn, men mindre sannsynleg at det vil vere nye, store funn. I delar av dei modne områda av sokkelen har det vore petroleumsaktivitet i nærare 40 år. Derfor er geologien der godt kjend, og mange stader er infrastrukturen godt utbygd.

Kjenneteikn på umodne område er lite kjennskap til geologien, til dels store tekniske utfordringar utfordringar og manglande infrastruktur. Uvissa omkring leiteaktiviteten er større her, men det er mogleg å gjere nye, store funn. Aktørane som skal leite i umodne område, må ha brei erfaring og teknisk og geologisk kompetanse, i tillegg til eit solid finansielt fundament.

 

Leitepolitikk i modne og umodne område

Modne område

Petroleumsverksemda på den norske kontinentalsokkelen tok til i Nordsjøen og har med tida, basert på prinsippet om gradvis utlysing, flytt seg nordover. Det gjer at store delar av Nordsjøen i dag, frå eit leiteperspektiv, blir rekna som modne. Haltenbanken i Norskehavet har også vore mykje utforska, og ein reknar at også delar av denne regionen er moden. Det siste området som i dag blir vurdert som modent, er området rundt Snøhvit i Barentshavet.

I modne område er infrastrukturen mange stader godt utbygd. Men levetida til den eksisterande infrastrukturen er avgrensa, og det er derfor viktig å påvise og vinne ut ressursane i området før infrastrukturen blir stengd ned. Dersom det ikkje lèt seg gjere, kan lønnsame ressursar bli liggjande igjen fordi funna er for små til å forsvare ei eiga utbygging av infrastruktur.

I desse områda har styresmaktene vurdert det som viktig at industrien får tilgang til større område, slik at dei ressursane som er tidskritiske, kan vinnast ut til rett tid. I tillegg er det viktig at areala som industrien får tildelt, blir utforska på ein rask og effektiv måte. Regjeringa har derfor lagt om politikken i modne område, og innførte i 2003 ordninga med tildeling av utvinningsløyve i førehandsdefinerte område (TFO) i modne delar av kontinentalsokkelen (St.meld. nr. 38 (2003–2004) Om petroleumsvirksomheten). Ordninga inneber at det er oppretta store førehandsdefinerte leiteområde, som omfattar alt modent areal på sokkelen. Områda vil bli utvida, men ikkje innskrenka, etter kvart som nye område modnast. Det er lagt opp til ein fast årleg syklus for konsesjonsrundar i modne område. Til no har det vore gjennomført sju årlege rundar i modne område (TFO 2003–2009). TFO 2010 blei utlyst 19. februar 2010 med søknadsfrist 15 september same år. TFO-området blei i den prosessen utvida i Norskehavet og Barentshavet.

Figur 4.3 viser det arealet som er lyst ut for tildeling i TFO 2010. For styresmaktene er det viktig at det blir arbeid aktivt med konsesjonsbelagt areal. Områda for utvinningsløyve som skal tildelast, blir skreddarsydde slik at selskapa får tildelt berre dei områda der dei har konkrete planar. Arbeidsplikta som selskapa tek på seg når dei får tildelt nye utvinningsløyve, er sett opp i punkt som gjeld aktivitetar og avgjersler. For kvart punkt må selskapa avgjere om dei vil gjennomføre nye aktivitetar i løyvet eller levere tilbake heile området. Tilbakelevert areal kan søkjast av nye selskap som kan ha eit anna syn på prospektivi teten. Dette fører til raskare sirkulasjon av areal og meir effektiv utforsking av dei modne områda. Etter utløpet av den initielle perioden kunne selskapa tidlegare behalde opptil 50 prosent av det tildelte arealet utan at dei plikta å drive konkret aktivitet. I dag er hovudregelen at dei får ha berre dei områda der dei har planar om å starte produksjon.

 

Fig 4.3 Arealstatus for norsk kontinentalsokkel (Kjelde: Oljedirektoratet)

Figur 4.3 Arealstatus for norsk kontinentalsokkel
(Kjelde: Oljedirektoratet)

 

Arealavgifta er også eit verkemiddel som skal bidra til å auke aktiviteten i dei tildelte områda. Ideen bak avgifta er at det ikkje skal betalast arealavgift for område der det går for seg produksjon eller aktiv leiteverksemd. I den initielle perioden, der leiteaktiviteten følgjer eit pålagt arbeidsprogram, betaler rettshavarane inga avgift. Etter den initielle perioden skal dei betale ei årleg avgift til staten for kvar kvadratkilometer av området som utvinningsløyvet gjeld for. For å styrkje arealavgifta sin funksjon i ressursforvaltninga blei reglane for arealavgift skjerpte, med verknad frå 1. januar 2007. Etter dei nye reglane skal selskapa betale 30 000 kroner per kvadratkilometer første året, og satsen aukar til 60 000 kroner andre året. Frå og med tredje året betaler selskapa den maksimale avgiftssatsen på 120 000 kroner per kvadratkilometer. Selskapa får fritak frå arealavgifta dersom dei leverer inn ein plan for utbygging og drift (PUD) til Olje- og energidepartementet. Fritaket frå arealavgifta blir berre gitt for dei områda som dekkjer den geografiske utstrekninga av førekomstane, og som det er levert inn PUD for. Regelverket gir også fritak for arealavgift i to år dersom selskapa borar ein undersøkingsbrønn utover fastsett arbeidsplikt.


Umodne område 

Dei områda som i dag blir rekna som umodne på den norske kontinentalsokkelen er store delar av Barentshavet og Norskehavet. I Norskehavet gjeld det særleg djupvassområda og dei nordlegaste delane. I tillegg er dei kystnære områda i den sørlege delen av sokkelen relativt umodne.

Gjennom 18. konsesjonsrunde kom prinsippa i endringane i reglane for tilbakelevering i modne område også til å gjelde umodne område. Men det er ikkje formålstenleg at alle selskap som har fått utvinningsløyve i umodne område, leverer inn ein utbyggingsplan ved utgangen av den initielle perioden, så hovudregelen for tilbakelevering i desse områda er knytt til avgrensing av ressursar som er påviste ved boring. I umodne område er det elles gjort dei same endringane som i modne område når det gjeld å skreddarsy områda som skal til delast.

19. konsesjonsrunde i 2006 fokuserte særleg på område i Barentshavet og vest i Norskehavet. Tildelingane representerte eit viktig steg for å få utforska desse områda. 20. konsesjonsrunde blei tildelt våren 2009, og fokuserte på dei same områda. Arbeidet med 21. konsesjonsrunde pågår med planlagd tildeling våren 2011.

Etter kvart som petroleumsaktivitetane gradvis har flytt seg nordover mot dei store umodne områda i dei nordlege delane av kontinentalsokkelen, har det vore nødvendig å avklare vilkåra for petroleums aktivitetane der. St.meld. nr. 8 (2005–2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten (HFB) blei lagd fram for Stortinget våren 2006. Denne forvaltningsplanen legg rammene for petroleumsverksemda i desse områda. HFB legg også føringar i form av kvar det skal gå for seg petroleumsverksemd. Fleire program held no på å samle meir kunnskap om havområdet før HFB skal oppdateras i 2010. Dette arbeidet er nær avslutta. Mellom anna har Oljedirektoratet ansvar for eit treårig program for geologisk kartlegging og innsamling av seismiske data på Nordland VII og Troms II. I 2007 og 2008 blei det sett av 70 millionar og 140 millionar kroner til dette programmet, mens i 2009 blei det sett av 200 millionar kroner.

Arbeidet med ein heilskapleg forvaltningsplan for Norskehavet (HFNH) begynte våren 2007 og blei lagd fram for Stortinget våren 2009 som St.meld. nr 37 (2008-2009) Helhetlig forvaltningsplan for det marine miljø i Norskehavet (forvaltningsplan). HFNH etablerer rammevilkår som balanserer interessene til fiskerinæringa, petroleums næringa og skipsfartsnæringa, og samtidig tek omsyn til miljøet.

 

Fig 4.4 Norsk og russisk del av Barentshavet (Kjelde: Oljedirektoratet)

Figur 4.4 Norsk og russisk del av Barentshavet
(Kjelde: Oljedirektoratet)

 

Uopna område

På den norske kontinentalsokkelen er det framleis store område som Stortinget ikkje har opna for petroleumsverksemd. Det gjeld heile Barentshavet Nord, Troms II, Nordland VII, delar av Nordland VI, kystnære område utanfor Nordlandskysten og Skagerrak. I april 2010 blei det oppnådd semje mellom norske og russiske styresmakter om den maritime avgrensinga mellom Norge og Russland i Barentshavet og Polhavet. Den endelege avtalen må ratifiserast av den russiske Duma og det norske Storting før den trer i kraft.

Stortinget må vedta at dei uopna områda skal opnast for petroleumsaktivitet før dei eventuelt kan lysast ut i ein konsesjonsrunde. Som grunnlag for slike vedtak må det utarbeidast ei konsekvensutgreiing som vurderer mellom anna økonomiske og sosiale verknader og miljøverknader som verksemda vil kunne ha for andre næringar og distrikta rundt. Spørsmålet om å opne områda skal leggjast fram for lokale styresmakter og sentrale interesseorganisasjonar som kan vere særleg interesserte i saka.


Atørbiletet

Talet på og samansetjinga av oljeselskapa som gjennomfører petroleumsaktivitetar på den norske kontinentalsokkelen, blir omtala som aktørbiletet. Dei største internasjonale aktørane har fått ein sentral plass, ein naturleg konsekvens av at det har vore store og krevjande oppgåver på sokkelen. Etter kvart som områda har modnast og utfordring ane der har endra seg og blitt meir diversifiserte, har det vore viktig å tilpasse aktør biletet til denne endra situasjonen. Derfor har ein dei siste åra fokusert på å få inn nye aktørar.

Prekvalifisering

For å leggje forholda betre til rette for nye aktørar introduserte St.meld. nr. 39 (1999–2000) Olje og gassvirksomheten ei ordning med prekvalifisering av nye operatørar, og rettshavarar. Sidan ordninga blei sett i verk og fram til januar 2010, har 48 noverande selskaper gjennomgått prekvalifisering eller blitt rettshavarar på den norske kontinentalsokkelen. Fleire andre selskap er til vurdering eller har indikert at dei ønskjer prekvalifisering. Figur 4.5 viser prekvalifiserte og nye selskap sidan 2000.

 

Figur 4.5 Prekvalifiserte/nye selskap sidan 2000 (per 1.kvartal 2010)
(Kjelde: Olje- og energidepartementet)

 

Når det gjeld dei årlege konsesjonsrundane i modne område, har dei nye aktørane fått tildelt betydelege areal og utvinningsløyve. For åra 2007 og 2008 har nye aktørar stått for over 40 prosent av leitekostnadane i Nordsjøen (sjå figur 4.6). Det siste året har talet auka til 50 prosent.

Fig.4.6 Leitekostnadar i utvinningsløyve i Nordsjøen etter storleiken på selskapa (Kjelde: Oljedirektoratet)

Figur 4.6 Leitekostnadar i utvinningsløyve i Nordsjøen etter storleiken på selskapa
(Kjelde: Oljedirektoratet)


Dei fleste nye selskapa har til no konsentrert seg om modne område i Nordsjøen og Norskehavet. I dei siste rundane har desse selskapa også vist stadig større interesse for Barentshavet, og ein ventar at fleire nye selskap vil delta i konsesjonsrundane i umodne område etter kvart som dei får god kjennskap til sokkelen og etablerer større organisasjonar i Noreg.

Fleire opplysningar om operatørar og rettshavarar i utvinningsløyve og felt på den norske kontinentalsokkelen finst på nettstaden til Oljedirektoratet: www.npd.no