|

Figur 6.1 Gassrørleidningar (Kjelde: Oljedirektoratet)
Gassverksemda utgjer ein stadig større del av petroleumssektoren, og gir staten store inntekter. Norsk gass er også viktig for energi forsyninga i Europa og blir eksportert til alle dei store konsumentlanda i Vest-Europa. Gasseksporten i 2009 var i energiinnhald om lag åtte gonger så stor som den norske normalproduksjonen av elektrisitet. Den norske gasseksporten dekkjer om lag 15 prosent av det europeiske1 gassforbruket. Størstedelen av eksporten vår går til Tyskland, Storbritannia, Belgia og Frankrike, der norsk gass utgjer mellom 25 og 35 prosent av det samla forbruket. Produsentselskap på den norske kontinentalsokkelen har gassalsavtalar med kjøparar i Tyskland, Frankrike, Storbritannia, Belgia, Nederland, Italia, Spania, Tsjekkia, Austerrike og Danmark. Frå Snøhvitanlegget leverer ein LNG (liquefied natural gas) til mellom anna USA og Spania.
Figur 6.2 viser historisk og venta norsk gassal. Gassalet er venta å nå eit nivå mellom 105 og 130 milliardar Sm3 i løpet av det neste tiåret.

Figur 6.2 Salsgass frå norske felt (Kjelde: Oljedirektoratet/Olje- og energidepartementet)
Transportkapasiteten i det norske rørleidningssystemet er i dag om lag 120 milliardar Sm3 per år. Det er fire mottaksterminalar for norsk gass på kontinentet; to i Tyskland, ein i Belgia og ein i Frankrike. I tillegg er det to mottaksterminalar i Storbritannia (sjå kartet). Det norske gasstransportsystemet omfattar eit nettverk av rørleidningar med ei lengde på over 7800 km. Det er utarbeidd traktatar som regulerer rettar og plikter mellom Noreg og landa som har landingspunkt for gass.
Eit overordna mål er å oppnå størst mogleg verdi på dei norske petroleumsressursane. Dei fleste felta inneheld både olje og gass, og det er om å gjere å sikre optimal balanse mellom olje- og gassproduksjon. Gassforvaltningssystemet legg til rette for effektivitet i alle ledd i gasskjeda – leiting, utbygging og transport.
Alle rettshavarar på den norske kontinentalsokkelen er ansvarlege for å selje sin eigen gass. Statoil sel olje og gass som staten eig, saman med sin eigen petroleum, i samsvar med avsetningsinstruksen.
Eit særtrekk ved gassproduksjon er at det krev store investeringar i transport. Det aller meste av den norske gassen blir transportert i rørleidningar frå felta til gassbrukarane. Styresmaktene legg stor vekt på å greie ut ulike transportløysingar, slik at ein kan velje den løysinga som er mest mogleg robust. Det kostar mykje å byggje rørleidningar, og investeringane i transportsystemet gir betydelege stordriftsfordelar. I mange tilfelle er det fornuftig å byggje rørleidningane noko større enn det i utgangspunktet er behov for, slik at eventuelle nye gassfunn kan transporterast i det eksisterande rørleidningssystemet.
Organisering av verksemda
Dei generelle verkemidla innanfor ressursforvaltninga av gass er leitepolitikk, vilkår for godkjenning av utbyggingsplanar og produksjonsløyve for olje og gass (sjå kapitla 4 og 5). Mange av felta på den norske kontinentalsokkelen inneheld både gass og olje. Når styresmaktene tildeler produksjonsløyve for gass, tek ein omsyn til utsiktene for optimal utvinning av olje. Det har hendt at ein av omsyn til oljeutvinninga har gitt produksjonsløyve til mindre mengder gass enn det selskapa har søkt om. Styresmaktene har ei viktig rolle når det gjeld å etablere transportkapasitet og legge til rette for at handsamings- og transportkapasiteten er tilpassa ulike scenarie for ny utvinning på mellomlang og lang sikt.
Samtidig er det viktig å sikre effektiv drift, mellom anna i form av stordriftsfordelar. Olje- og energidepartementet har mange verkemiddel for å oppnå dette. Tre sentrale verkemiddel i det norske gasstransportsystemet er operatøren Gassco, den samordna eigarskapen Gassled og regulert tilgang til transportsystemet. Departementet vurderer bruken av verkemidla i samband med utvikling av ny infrastruktur og ved endra bruk av eksisterande infrastruktur. Operatørskap, eigarskap og spørsmål om regulert tilgang kan brukast uavhengig av kvarandre.
Gassco
Selskapet Gassco AS er operatør for Gassled, som omfattar størstedelen av transportsystemet på den norske kontinentalsokkelen. Gassco blei oppretta i 2001, og staten eig 100 prosent. Selskapet har ansvar for drift (planlegging, overvaking, koordinering og styring av transport frå felta til mottaksterminalane), kapasitetsallokering og utvikling av transportsystemet.
Gassco skal bidra til ei heilskapleg vidareutvikling av norsk gassinfrastruktur. I tilfelle der ein vurderer større utbyggingar, inneber det at annan norsk gass utover felt som utløyser eit gasstransportbehov, også må takast med i vurderingane. Ei vidareutvikling av gassinfrastrukturen skal dessutan skje på ein måte som er tenleg for den eksisterande gassinfrastrukturen.
Eit nøytralt selskap sikrar at det blir teke omsyn til heilskapen i dei framlagde utviklingsalternativa for infrastrukturen, det gjeld også utnytting av skalafordelane. Gassco har som oppgåve å samordne prosessane for vidareutvikling av oppstraums gassrørleidningsnett, og vurdere behovet for slik vidareutvikling. Gassco skal tilrå løysingar og ikkje investere i infrastruktur sjølv. Ein nøytral og uavhengig operatør for gasstransportsystemet er viktig for å sikre at alle brukarane blir behandla likt når det gjeld både utnytting av transportsystemet og vurdering av kapasitetsauke. Dette er nødvendig for at ressursane på kontinentalsokkelen skal bli utnytta effektivt. Effektiv utnytting av det eksisterande gasstransportsystemet kan dessutan gjere sitt til å redusere eller utsetje behovet for nye investeringar.
Gassled
Interessentskapet Gassled eig størstedelen av transportsystemet for norsk gass, det vil seie rørleidningane og terminalane. Gassled omfattar alle rik- og tørrgassanlegg som blir brukt av andre enn eigarane, eller som det er planar om at andre enn eigarane skal bruke ein del av (tredjepartsbruk). Det er lagt opp til at nye rørleidningar og transportrelaterte anlegg kan innlemmast i Gassled frå det tidspunktet når ein tredjepart tek dei i bruk, og at dei såleis kan bli ein del av det sentrale oppstraums gasstransportsystemet.
Felles eigarskap for transportsystemet sikrar at gassen blir frakta mest mogleg effektivt og dermed gir størst verdiskaping, sidan ein unngår interessekonfliktar om kva for eit rør gassen skal fraktast gjennom.
Regulert tilgang til transportsystemet
Rørleidningssystemet er eit naturleg monopol, med store grunnlagsinvesteringar. Derfor blir tariffane for gasstransport regulerte gjennom ei eiga forskrift fastsett av Olje- og energidepartementet. Det sikrar at fortenesta blir teken ut på felta og ikkje i transportsystemet. Oljeselskapa har tilgang til kapasitet i systemet ut frå behovet for gasstransport. For å sikre god ressursforvaltning kan transportrettane overdragast mellom brukarar når behova endrar seg. Gassco har ansvar for kapasitetsallokeringa.

Gassled - samla eigarstruktur for gasstransport
Eigarfordeling i Gassled
|
Petoro AS*
Statoil Petroleum AS
Total E&P Norge AS
Exxon Mobil Exploration and Production Norway AS
A/S Norske Shell
Norsea Gas AS
ConocoPhillips Skandinavia AS
Eni Norge AS
DONG E&P Norge AS
|
38,46 %
32,10 %
7,78 %
9,43 %
5,32 %
2,73 %
2,00 %
1,53 %
0,66 %
|
* Petoro AS er rettshavar for statens deltakardel (Statens direkte økonomiske engasjement, SDØE).
Petoros deltakardel i Gassled skal aukast med om lag 8 prosent med verknad frå 01.01.2011, og deltakardelen til dei andre rettshavarane skal justerast proporsjonalt med verknad frå same datoen. SDØE-delen i Norsea Gas AS er 40,0 prosent. Når ein tek omsyn til dette, vil staten gjennom SDØE ha 39,4 prosent i 2003 - 2010, og 47,5 prosent i Gassled frå 2011. Konsesjonstida for dei fleste anlegga i Gassled er sett til 31.12.2028.
Ein samla eigarstruktur for den viktigaste gassinfrastrukturen la grunnlaget for tilgangsregimet for transportsystemet, og lettar administrasjon og dagleg drift av gasstransporten for framtida. Eigarfordelinga kan bli endra når nye anlegg og rør blir innlemma i Gassled.

Figur 6.3 Sal av NGL/kondensat 2009, fordelt på første mottakerland, omlag 22 mill. Sm3 o.e. (Kjelde: Oljedirektoratet)

Figur 6.4 Norsk naturgasseksport 2009, omlag 100 mrd. Sm3, fordelt på mottakarland (Kjelde: Oljedirektoratet)

Figur 6.5 Norsk naturgasseksport, om lag 100 mrd. Sm3 (Kjelde: Gassco/Oljedirektoratet)
|