|
Petroleumsverksemda låner havet, og alle fasar av olje- og gassverksemda skal ta omsyn til miljøet og andre brukarar av havet. Utgangspunktet er at når verksemda er slutt, skal alt vere rydda og fjerna.
Olje- og energidepartementet har til no behandla meir enn ti avslutningsplanar. I dei fleste sakene er det bestemt at utrangerte innretningar skal fjernast og takast til land, for eksempel for Odin, Nordøst Frigg, Øst Frigg, Lille-Frigg, Frøy og TOGI. Under behandlinga av avslutningsplanane for Ekofisk I og Frigg blei det også gitt løyve til å etterlate betongunderstellet med vernevegg på Ekofisk-tanken og betongunderstellet TCP2 på Friggfeltet. Arbeidet med å fjerne innretningane på Friggfeltet og delar av Ekofisk tok til i 2005, og pumpeinnretninga 37/4-A skal etter planen fjernast sommaren 2010 (sjå figur 7.1). 37/4-A står på britisk side av grenselinja, men inngår i avslutningsplanen for Ekofisk I. Avslutningsplanen for stigerørsplattformen 2/4-G er for tida til behandling i departementet.

Figur 7.1 Pumpeinnretninga 37/4-A der understellet etter planen skal fjernast sommeren 2010 (Kjelde: ConocoPhillips)
Regelverk
Når styresmaktene gjer vedtak om korleis ei innretning på den norske kontinentalsokkelen skal disponerast, tek ein i bruk både nasjonalt og internasjonalt regelverk. Petroleumslova av 1996 regulerer disponering eller avvikling av innretningar. I tillegg til petroleumslova regulerer OSPAR-konvensjonen (Konvensjon om vern av det marine miljøet i det nordaustlege Atlanterhavet) disponeringa av innretningane våre. OSPAR-vedtak 98/3 om disponering av utrangerte offshoreinstallasjonar tok til å gjelde 09.02.1999, og legg føringar for kva for disponeringsalternativ som er akseptable for ulike typar innretningar til havs. Vedtaket omfattar ikkje rør, delar av innretningar som ligg under havbotnen, og ankerfundament i betong som ikkje er til hinder for fiskeria.
Vedtaket inneber at det er forbode å dumpe og å etterlate seg, heilt eller delvis, utrangerte innretningar i sjøområdet. Det kan gjerast unntak frå forbodet for somme innretningar eller delar av innretningar dersom ei samla vurdering viser at det er sterke grunnar for disponering i sjøen.
Dersom det blir søkt om unntak frå OSPARvedtak om ilandføring, skal det gjennomførast ein konsultasjonsprosess i OSPAR-systemet. Styresmaktene i landet gjer endeleg vedtak og gir løyve til eit eventuelt unntak. Mange krav må oppfyllast før det kan bli gitt eit slikt løyve. Noreg har til no hatt to unntak frå OSPARvedtaket om ilandføring. Som nemnd er det gitt løyve til å etterlate betongunderstellet med vernevegg på Ekofisk-tanken og betongunderstellet TCP2 på Friggfeltet.
For rør og kablar gjeld retningslinjene som står i St.meld. nr. 47 (1999–2000) Disponering av utrangerte rørledninger og kabler. Som ein generell regel kan rør og kablar etterlatast når dei ikkje er til ulempe eller utgjer ein risiko for botnfiske, vurdert ut frå kostnadene med nedgraving, tildekking eller fjerning.
Avsluttningsplan
Petroleumslova krev at rettshavarane som hovudregel skal leggje fram ein avslutningsplan for departementet to til fem år før løyvet går ut eller blir oppgitt, eller bruken av ei innretning endeleg tek slutt.
Avslutningsplanen skal ha to hovuddelar; ei konsekvensutgreiing og ein disponeringsdel. Konsekvensutgreiinga gir oversikt over konsekvensar som ein ventar at disponeringa vil ha for mellom anna miljøet. Disponeringsdelen skal vurderast av Olje- og energidepartementet og Arbeidsdepartementet (tryggleiksspørsmål).
Olje- og energidepartementet koordinerer den offentlege høyringa av konsekvensutgreiinga.
På bakgrunn av konsekvensutgreiinga og høyringsfråsegnene, og disponeringsdelen og vurderinga av denne delen, utarbeider Olje- og energidepartementet eit framlegg til kongeleg resolusjon om disponering og legg det fram for regjeringa. Når det er søkt om unntak frå OSPAR-vedtaket om ilandføring, skal saka leggjast fram for Stortinget.
Ansvar
Det er rettshavarane på tidspunktet for disponeringsvedtaket som er ansvarlege for å gjennomføre disponeringa. I 2009 vart petroleumsloven endra slik at den som sel ein del av eit utvinningsløyve er subsidiært ansvarleg for disponeringskostnadar som er knytta til den solgte andelen.
Når det blir gjort vedtak om etterlating, seier lovverket at rettshavarane framleis har ansvaret for skade eller ulempe som skjer med vilje eller av aktløyse i samband med den etterlatne innretninga. Men rettshavarane og staten kan avtale at framtidig vedlikehald og ansvar skal overførast til staten mot ein avtalefesta økonomisk kompensasjon.

Figur 7.2 Illustrasjon av Ekofisktanken før og etter fjerning av overbygginga (Kjelde: ConocoPhillips)
|