|
Norsk petroleumsindustri
Oppbygging av norsk og norskbasert petroleumskompetanse har vore eit viktig element i norsk petroleumspolitikk. I førstninga blei mykje av kunnskapen overført frå utanlandske oljeselskap og leverandørbedrifter, men i dag har Noreg ein velutvikla og internasjonalt konkurransedyktig petroleumsindustri. Det gjeld både oljeselskap, leverandørindustri og forskingsinstitusjonar. Næringa gir sterke impulsar til innovasjon og teknologisk utvikling også innanfor anna norsk næringsliv.
Leverandørbedrifter i Noreg driv verksemd i dei fleste ledda i verdikjeda – frå leiteverksemd og utbygging til produksjon og disponering. På fleire område er norske leverandørar no mellom dei leiande i verda. Spesielt gjeld det områda seismikk, boreutstyr, undervassanlegg og flytande produksjonsløysingar. Leverandørbedriftene er representerte i alle fylka i landet, og lokale og regionale ringverknader av petroleumsverksemda er til dels omfattande også i delar av landet som vi til vanleg ikkje tenkjer på i samband med denne næringa. Ein studie1 utført av Menon Business Economics viser at næringa produserer meir enn skatteinntekter for staten. Den skaper arbeidsplassar og næringsutvikling lokalt og regionalt. Auka internasjonalisering gjer seg utslag i auka lokal verdiskaping og sysselsetting. Om lag 100 000 personar er sysselsette i leverandørindustrien i Noreg.
Investeringar frå oljeselskapa i utbygging, drift og vedlikehald på den norske kontinentalsokkelen genererer ein stor etterspørsel etter produkt og tenester frå leverandørindustrien i Noreg og i andre land. Deltaking i internasjonale utbyggingsprosjekt er positivt for at leverandørindustrien skal utvikle seg vidare, og kan bidra til å redusere kostnadsnivået på norsk kontinentalsokkel.

Fig.8.1 Kart over norske olje- og gassklynger (Kjelde: www.Intsok.com)
Forskning og teknologiutvikling i olje- og gassverksemda
Utvikling av ny teknologi og auka kompetanse i olje- og gassnæringa er viktig for å sikre at verksemda framleis skal bidra til økonomisk vekst og auka velferd i Noreg. Teknologi- og forskingsinnsats er også viktig for å sikre at verskemda kan drivast mest mulig milljøvennleg. Fleire av løysingane som er i bruk i olje- og gassverksemda i dag, er resultat av store investeringar i forsking og teknologiutvikling i 1970-, 1980- og 1990-åra. I åra som kjem, vil verdiskapinga på den norske kontinentalsokkelen vere meir teknologisk krevjande og kunnskapsintensiv enn i dag. Å føre innsatsen innanfor forsking og teknologiutvikling vidare er viktig for at den norske olje- og gassverksemda skal vere konkurransedyktig. Figur 8.2 viser korleis Olje- og energidepartementet er involvert i petroleumsforskinga i Noreg.

Fig.8.2 Olje- og energidepartementet si involvering i petroleumsforskinga (Kjelde: Olje- og energidepartementet)
For å møte utfordringane med ei effektiv og forsvarleg petroleumsverksemd, blei strategien Olje og gass i det 21. århundre (OG21) etablert på initiativ av Olje- og energidepartementet i 2001. OG21 er organisert gjennom eit styre, som er sett saman av departementet, og eit sekretariat.
OG21 har greidd å få oljeselskap, universitet, forskingsinstitusjonar, leverandørindustrien og styresmaktene til å samle seg om ein felles nasjonal teknologistrategi for olje og gass.
Bidraget frå styresmaktene i petroleums - forskinga er hovudsakleg organisert i forskingsprogramma PETROMAKS og DEMO 2000. Desse programma skal bidra til å nå måla som er sette gjennom OG21-strategien. Den offentlige finansierte petroleums forskinga har et betydelig fokus på miljø. Det er bevilga midler under PETROMAKS og DEMO 2000 til å finansiere forsking på tiltak som skal gi reduserte klimagassutslipp. Midlane frå styresmaktene blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd, som koordinerer programma.
PETROMAKS
PETROMAKS (Maksimal utnytting av petroleumsreservane) er eit petroleumsretta forskingsprogram som omfattar strategisk grunnleggjande forsking og kompetanseutvikling, brukerretta forsking og teknologiutvikling og forsking som underlag for utforming av politikken. Målgruppene for programmet er norske bedrifter og forskingsmiljø som vil fremme kunnskaps- og kompetanse oppbygging i Noreg. Den nasjonale teknologi strategien, OG21, dannar utgangspunktet for PETROMAKS sine faglege prioriteringar.
PETROMAKS har som målsetjing å bidra til betre utnytting av felt i produksjon og auke tilgangen til nye reservar. Aktivitetane i pro gram met er stort sett knytte til å finne meir olje og gass, auke utvinninga frå eksisterande felt, effektivisere transporten av brønnstraum over store avstandar og effektivisere transporten av gass til marknadene. Programmet legg vekt på å førebu grunnlaget for HMS-utvikling og ytre miljø, redusere kostnadsnivået på den norske kontinentalsokkelen og styrkje petroleumsrelatert næringsutvikling nasjonalt og internasjonalt. Ei anna viktig målsetting for PETROMAKS er å auke kompetansen i bransjen og betre rekrutteringa til industrien.
PETROMAKS finansierer også forsking på spesielle arktiske problemstillingar, som ekstremt klima, lite utvikla infrastruktur, utbygging og drift i is, handtering av is og transport over svært lange avstandar.
DEMO 2000
DEMO 2000-programmet er eit viktig verkemiddel for å hjelpe fram nye teknologiløysingar i petroleumsnæringa. Med ny teknologi følgjer store kostnader og høg risiko, og det kan vere ei betydeleg utfordring å få løysingar ut på marknaden. DEMO 2000 har som mål å bidra til å redusere kostnader og risiko for industrien og kommersialisering av ny teknologi ved å gi støtte til pilotprosjekt og demonstrasjon. Programmet arbeider med utgangspunkt i den nasjonale teknologistrategien, OG21.
Pilotprosjekta inneber eit tett samarbeid mellom leverandørbedrifter, forskingsinstitusjonar og oljeselskap, eit samarbeid som i seg sjølv er med på å utvikle eit framtidsretta, marknadsorientert kompetansenettverk.
DEMO 2000-programmet har støtta demonstrasjon av ny petroleumsteknologi sidan 1999. Nokre teknologiar som er utvikla gjennom programmet, er alt no kommersielt tilgjengelege og har spart næringa for store kostnader. DEMO 2000 ser eit særleg stort potensial innanfor fagområda havbotnprosessering, gasskompresjon på havbotnen, effektiv boring og integrerte operasjonar (fjernstyring). Verdiskapinga av innovasjonar på desse områda kan bli betydeleg.
DEMO 2000-programmet satsar også, som PETROMAKS, på utvikling og utprøving av petroleumsteknologi med spesiell relevans for arktiske forhold.

Fig.8.3 OG21 sitt teknologi-vegkart for verdiskaping på norsk kontinentalsokkel (Kjelde: OG21)
ANDRE PROGRAM
PETROSAM er eit samfunnsvitskapleg forskingsprogram som skal gi innsikt i og kompetanse om samfunnsmessige forhold som legg grunnlag for strategi- og politikkutforming hos norske styresmakter og næringslivet innanfor petroleumssektoren. Programmet skal også ha fokus på internasjonale forhold, mellom anna Midtausten og Russland. PETROSAM blei oppretta i 2006 og vil halde fram til 2012.
Forskingsprogrammet PROOF tek for seg langtidsverknader av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda, og er ein del av det større programmet «Havet og kysten», som er planlagt for perioden 2006–2015.
|