Fritak for arealavgift – format på dei digitale karta

17.04.2009
Det kan søkjast om fritak frå arealavgifta for den delen av arealet til utvinningsløyvet som omfattar førekomstar som er tekne med i plan for utbygging og drift (PUD).

Tilsvarande kan det sendast inn søknad om fritak for område som avgrensar prospekt som er bora eller er geologisk avhengig av prospekt som er bora.

Arealet det blir søkt om avgiftsfritak for (AFEX) og førekomstomrisset (Deposit) skal sendast inn som to separate XML dokument med referanse til skjemafila.

For oversikta sin del ønskjer vi at filnavna speglar innhaldet, for eksempel "AFEX_.xml" og "Deposit_.xml".

Det blir understreka at polygonane i omrissa skal vere lukka, det vil seie at første og siste punkt er identiske. Sjå og dokumenta:

AFEX omrissa skildrar arealet det blir søkt om avgiftsfritak for (kan innehalde mange utvinningsløyve/ blokker / polygonar). Dette arealet skal gis i gradar og minutt - iht reglar for utvinningsløyve (petroleumsforskrift § 15).

Deposit omrissa skildrar arealet for ein førekomst. Desse omrissa kan enten gis i desimale gradar eller i gradar, minutt og sekund med desimalar. Dersom førekomsten er eit funn, bruk funnamnet under discovery på OD sine faktasider. Dersom førekomsten er ein del av eit felt - bruk feltnamnet under fields på OD sine faktasider.

Alle koordinatar skal gis med datum ED50.

Det er utvikla eit hjelpeverktøy for å validera XML dokumenta før innsending av søknaden til OD. Verktøyet vil syne omrissa som ein del av OD sitt Faktakart. Gå til http://npdmap1.npd.no/website/NPDGIS/viewer.htm og nytt verktøyet for å verifisere XML dokument.