Borerapportering (DDRS) til myndigheitene

18. februar 2008 tok Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet i bruk eit nytt format for dagleg borerapportering.

Alle operatørar for boring på norsk kontinentalsokkel er pålagt å rapportere data frå boreaktiviteten dagleg - ref Ressursforskrifta §22. Denne innrapporteringa har vært i drift sidan 1984. Det er nå laga ein ny standard som ble tatt i bruk frå 18.2.2008.

Standarden byggjer på eit arbeid gjort av norske og utanlandske oljeselskap saman med Energistics (tidlegare POSC) -, Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet. Formatet er XML-basert og byggjer på WITSML.

OLF har i Noreg vore ein koordinator for å implementera den nye standarden. Standarden vil og bli nytta til å kommunisera internt mellom selskapa.

Oljedirektoratet har eit mål om å effektivisera innrapporteringa av data frå norsk kontinentalsokkel, og arbeidar derfor aktivt med å ta i bruk standardløysingar i marknaden.

Endring fra 1.10.2009

I regi av OLF er det nå gjort eit prosjekt med mål å utvida daglig borerapportering til og å omfatta rapportering til partnerane. Sjå Petroleumstilsynets nettstad for mer informasjon.

Kontaktpersonar i OD:
Boreteknisk: Jan Stenløkk  (51876756)
Dataformat: Hans Stokka  (51876295)

17.04.2009

Tema: Brønner