Geokjemi overføringsformat

28.04.2009
Dette er ei skildring av versjon 2 av overføringsformatet for geokjemidata, GC-NPD-95.

Denne versjonen er utvida til å ta fleire geokjemiske datatypar. Det vil nå bli ein einskapleg måte å rapportere geokjemidata på; muligheitane som versjon 1 hadde med å kunne rapportere på flere ulike måtar er tatt bort.

Det er også utvikla ein eigen GC-NPD-95 validator; eit valideringsprogram for datafilene. Ved å kjøre denne vil datafilen med geokjemidata bli validert opp mot spesifikasjonen.

Den nye versjonen har vore ute til høring gjennom OLF og til nokon laboratorieselskap som gjer geokjemiske analyser, høyringsfrist var 31.12.2004. Fra OLF ble det kommentert at den nye versjonen er meir brukarvennleg og forbedra i forhold til versjon 1. Utanom offisielle tilbakemeldingar kom det nokon kommentarer direkte på e-post. Desse er det så godt som mogleg tatt hensyn til i utarbeidinga av den endelege versjonen.

Det er også laga eit eige program, GC-NPD-95 validator, for å sikre at filene som lages held seg til ein mal. Programmet består av ein logisk del og ein katalogdel. Katalogdelen leser inn lovlege verdier (f.eks. analyse typer, liste over brønnar). Denne vil bli oppdatert av OD med jamne mellomrom i samarbeid med oljeindustrien.

GC-NPD-95 validator startes opp med egen lenke (sjå Lenker). Brukerdialogen er svært enkel, programmet spør etter ei fil som inneheld geokjemidata, denne fila kan ligge på brukarens egen PC. Merk at dette programmet IKKJE sender dataene inn til OD, det må gjeras separat på samme måte som før.

GC-NPD-95 validatoren kan også konvertera frå GC_NPD-95 formatet til "Charater-separated flatterned text". Denne fila kan deretter leses inn i eit regneark.


Tema: Brønner