Registrering av brønnar

07.07.2015
Skjema med korrekt namn og tilleggsattributtar skal sendtast til Oljedirektoratet. Sjå oversikt over skjemaalternativ til høgre på denne sida.    

Oljedirektoratet har retningslinjer for namngjeving av brønnar og brønnbanar. Dei finn du her >> (lenke til NPD guidelines for designation of well and wellbores).

Skjemaet skal sendast til epost til postboks@npd.no før den nye brønnen eller brønnbanen blir bora. 

Ei fullstendig oversikt over brønnar og brønnbanar på norsk sokkel finn du på ODs faktasider. ODs faktasider.

Boreprogram:

For geofagleg innhald i boreprogram gjeld generelt NORSOK-standard D-010 Drilling and well operations, revisjon 3. For leitebrønnar og utvinningsbrønnar med leitemål bør følgjande informasjon vere med i boreprogrammet:

 

  • Brønninformasjon: utvinningsløyve, rettshavarar, brønnamn, boreinnretning (namn, eigar, djupn i vatnet, RKB/rotasjonsbord), koordinater, kort historikk for utvinningstillatelsen.
  • Geologisk bakgrunn: regional geologisk plassering, kart med koordinatar over utvinningsløyvet med prospektomriss og brønnplassering, litologisk kolonne med djup, formasjoner og utfyllande tekst, trykk, temperatur.
  • Prospektomtale: kart (tid og djupn), geologisk omtale, fart, kryssande seismiske linjer gjennom brønnen, minst ein geoseismisk seksjon, antatt volum. Skjema for prospektomtale (Excel).
  • Datainnsamling: type og mottakar (inkludert Oljedirektoratet), kriterier (for mellom annakjerning, WL), tabell med planlagt formasjonsevaluering.
  • Organisasjonskart med posisjon, telefon, epostadresser.

Tema: Brønner