|
Olje- og energidepartementet fastsette 20.12.05 forskrift om andre sin bruk av innretningar som trådde i kraft 1. januar 2006.
|
|
Etter forskrifta sin paragraf 14 Rapportering skal partane, innan 30 dagar etter at departementet har godkjend ei avtale om andre sin bruk av ei innretning i medhald av petroleumslova paragraf 4-8, rapportere element frå forhandlingsprosessen og dei viktigaste avtalevilkåra til Oljedirektoratet for publisering.
I brev frå Olje- og energidepartementet datert 6.9. 2006 kunngjorde departementet at dei ikkje kan sjå at det er naudsynt å godkjenne dei avtalane som er forhandla fram i medhald av forskrifta. Ein underteikna original av dei avtalane som er forhandla fram skal likevel sendast inn til Olje- og energidepartementet for vurdering.
I brev av 15.2. 2007 ba OD difor om at rapportering til OD i medhald av paragraf 14 skjer samstundes med at ein underteikna original vert sendt til departementet for vurdering.
Rapporteringa skal skje på skjema utforma av departementet.
Publiserte rapporteringer i samhøve med paragraf 14 Forskrift om andres bruk av innretningar Oljedirektoratet (OD) har ein gjennomgang av innkomne rapporteringar i forhald til skjema som er utforma av departementet, og forskriften sine intensjonar. OD tar ikkje ansvar for rapporteringane sitt innhald, herunder om rapporteringa er i samsvar med dei inngåtte avtaler – OD mottar normalt ikkje inngåtte avtaler.
Sjå høgremeny for publiserte rapporteringer i samhøve med paragraf 14. Rapporteringa skal innehalde element frå forhandlingsprosessen og dei viktigaste avtalevilkåra.
Olje- og energidepartementet fastsette 20.12.2005 forskrift om andres bruk av innretninger, som trådde i kraft 1. januar 2006. Formålet er å oppnå effektiv bruk av eksisterande plattformer og røyrleidningar for å sikre meir leiting etter og utvinning av petroleum på norsk kontinentalsokkel. Dette er særskild viktig i modne områder.
Standardiserte avtaleklausular I samhøve med forskrifta sin paragraf 10 Standardiserte avtaleklausuler godkjende departementet etter høring i industrien i juni 2006 eit sett av rettleiande standardiserte avtaleklausular til bruk i forhandlingar om andre sin bruk av innretningar. Som nemnt i høringsbrevet vil det vere opp til rettshavarane om dei ønskjer å bruke slike avtaleklausular. Departementet har likevel anmoda om at avtaleklausulane vert brukt i dei tilfella kor dette vil bidra til å oppnå forskrifta sitt mål om effektiv bruk av innretningar.
Last ned: Standardiserte avtaleklausular (engelsk)
|