Rapportering av prospektdata, inkludert digitale kart

12.06.2009
Oljedirektoratet (OD) ber om rapportering av prospektdata, inkludert digitale kart, frå alle utvinningsløyve innan 20. august 2008.

OD har som oppgåve å ha best mogleg kunnskap om petroleumsressursane på den norske kontinentalsokkelen. Ei viktig kjelde til denne kunnskapen er systematisk innsamling av data frå oljeselskapa.

Selskapa gir styresmaktene nyttig informasjon om prospekt og uoppdaga ressursar i leitekomiteane og i søknader om utvinningsløyve.

OD trenger ein meir regulær rapportering om prospekt og prospektmoglegheiter som operatøren har kartlagt innanfor sitt område. OD ønskjer ikkje at denne rapporteringa skal være for omfattande og arbeidskrevjande for selskapa, men representerer rettshavaranes syn på prospektiviteten når det gjeld geografisk lokasjon av prospekt, volum, usikkerheit og funn sannsynlegheit. Prospektinformasjonen vil vere ein del av OD sitt grunnlag for å estimera dei uoppdaga ressursane som vil inngå i ressursrekneskapen til OD, og dermed vere ein del av vår årlege rapport til nasjonalbudsjettet.

Med heimel i Petroleumsforskriften § 50a ber difor OD om at alle operatørselskapa leverer ein samla rapport med prospektdata for utvinningsløyve der selskapet er operatør.

Innrapporteringa av data og kartomriss skjer for kvart prospekt på XML-format. Det er laga eit eige XML skjema for dette (sjå lenkeboks). XML skjema blir nå nytta bredt i industrien for dataoverføring. For å gjera rapporteringa enklare, har OD valt å nytte XML og OD sitt Faktakart.

Det er utvikla eit hjelpeverktøy for å validera XML dokumentet før innsending av søknaden til OD. Verktøyet vil visa omrissa som ein del av OD sitt Faktakart. Gå til www.npd.no/factmaps og bruk verktøyet for å verifisere XML dokumenter.

For oversynet si skyld ber vi om at filnamnet gjenspeglar blokknummer og ’prospektnamn’, til dømes ”37-6-.xml”.

Det ferdig testa XML dokumentet sendes til postboks@npd.no

Kontakpersonar i OD:
Geologi: Gunnar Søiland (51876629), Per Blystad (51876188)
Data: Jan Allan Eide (51876286), Hans Stokka (51876295)

Relevant

Eksempelfil for oljeprospekt:


Eksempelfil for olje- eller gass prospekt


Skjemafil:


Heiltrukken line: dataelementet må rapporterast, prikket line: dataelementet er valgfritt å rapportere