Olje og gass i norske fjordar?

fjord02
23.03.2007
Nokre mil utanfor norskekysten blir velstanden pumpa opp frå djupet under havbotnen, langt av syne for turistar som besøker dei norske fjordane.

Tekst: Pål Espen M. Kilstad

Turistane veit nok ikkje at nokre av fjordane i Noreg er undersøkte nettopp for å sjå om det finst bergartar innaskjærs der det kan vore olje og gass ein gang i tida.

- Det er funne restar av bergartar frå juratida fleire stader i norske fjordar, til dømes sør for Smøla og i Frohavet. Då Bjorøytunnelen sør for Bergen blei bygd, blei det òg funne rester av slike bergartar. Det var i juratida at mange av olje-og gassfelta på norsk sokkel blei danna. Dei siste 30 åra har fleire norske fjordar blitt kartlagde for å finne ut om det kan være spanande bergartar der, seier geolog og forskar Reidulv Bøe ved Norges geologiske undersøkelse (NGU).

Teikning: Oddmund Mikkelsen

Teikning: Oddmund Mikkelsen


Trondheimsfjorden er spesiell

Berre 25 mil utanfor kysten av Trøndelag ligg Kristinfeltet, eit felt som operatøren Statoil vurderer både som krevjande og innhaldsrikt. Kristin-plattforma har kapasitet til å produsere 18 millionar kubikkmeter gass og 126 000 fat kondensat kvar dag. Kvifor er det ikkje petroleum nokre mil lenger inne, i sjølve Trondheimsfjorden?

- Det kan hende at det ein gong har vore olje i bergartar på botnen av Trondheimsfjorden. Men dei som vonar at noko av olja framleis ligg der, vil bli skuffa. Årsaken er mangel på porøse og permeable bergartar som gjer at væske kan strømme gjennom dei. Dette er bergartar som vi finn lengre ute, seier Bøe og legg til:

- Ein bergart der vi finn petroleum kan samanliknast med ein svamp der holromma er fylte med olje og gass. Vrir vi svampen, vil olja og gassen bli pressa ut. Den einaste staden i Trondheims-fjorden der det finst porøse og permeable bergartar, er i Beitstadfjorden, som berre er ein liten del av ein fjordarm. Men Bøe forklarer at det óg er lite truleg at det har vore kildebergartar i Trondheims-fjorden. Det er her olje og gass blir danna. Dei vanlegaste kildebergartane er mørke eller svarte skiferar med høgt organisk innhald, det vil seie rester etter planter og dyr som har lagt seg på havbotnen. Etter kvart er desse laga med organisk materiale blitt dekka av sedimenter, leire, sand og grus, og dermed trykt saman og omdanna til stein. I løpet av nokre millionar år med rett trykk og temperatur blir ein del av det organiske materialet omdanna til olje.

- Det er ikkje sannsynleg at bergartar frå juratida i Trøndelagsområdet har vore utsett for tilstrekkeleg trykk og temperatur over et langt nok tidsrom til at det er danna olje og gass, seier han.

Det som òg manglar i Trondheimsfjorden, er takbergart (kappe), det vil seie tett leirstein, kalkstein eller salt som ligg som eit lokk over reservoarbergarten og hindrar olja i å flyte opp og ut i miljøet.

Det er mogleg at Trondheims-fjorden og store delar av Trøndelag ein gong har hatt både reservoar- og takbergartar. Seismiske data tyder på at slike bergartar på kontinentalsokkelen ein gong gjekk langt innover kystlandskapet. Erosjon over fleire millionar år, og særleg i istidene dei siste to-tre millionar åra, har skurt bort det som ein gong var dei øvste laga på botnen av fjordane våre.

- I Beitstadfjorden er det rester av dei same bergartane som vi finn i olje- og gassfelta utanfor Trøndelag. Men det har aldri vore bora der, så vi har ikkje noko eksakt bevis på kva slags bergartar som finst der, forklarer Bøe.

Langs nordvestsida av Beitstad-fjorden er det funne steinblokker som blei skrapa opp frå botnen av fjorden under siste istid.

- Desse blokkene kan tyde på at det ein gong har vore olje der. I alle høve viser seismiske data at om det nokon gong har vore olje i sandsteinane i fjorden, så mang­lar takbergartar til å halde på olja, seier Bøe.


Boring har vore vurdert
Trondheimsfjorden er ein av dei største fjordane i Noreg. Fjorden er djupast vest for Rissa, der er den 700 meter djup. Under havbotnen ligg det eit 700 meter tjukt lag med leire. Den er porøs, men ikkje særleg permeabel.

- Det har likevel vore vurdert å bore i Trondheimsfjorden, ikkje for å finne olje og gass, men for å gjennomføre vitskaplege boringar, seier Bøe.

Ein borekjerne frå Beitstad- fjorden kunne gitt oss ny kunnskap om korleis tilhøva var i dette området for 160 millionar år sidan. Då hadde vi mellom anna visst om dette var land eller sjø, korleis elvane rann og korleis klimaet var.

- Eg har arbeidd med fleire prosjekt der vi har sett nærare på Beitstadfjorden, mest i samband med CO2-lagring. Vi konkluderte med at det er for lite volum i bergartane der, og at heile området er for grunt til lagring av CO2. I tillegg manglar det takbergartar som kan halde på CO2, avsluttar Bøe.


Tema: Geologi