Ressursrekneskap per 31.12.2016

21.02.2017
Oljedirektoratets estimat for totale oppdaga og ikkje oppdaga petroleums­ressursar på norsk kontinental­sokkel er om lag 14,3 milliardar standard kubikkmeter olje­ekvivalentar.

Av dette er 48 prosent selt og levert. Om lag 39 prosent av dei totale ressursane som er igjen, er ikkje oppdaga.

Artikkelen har og med ei oppsummering av ODs ressursrekneskap etter UNFC-klassifiseringa.

Ressursar er et samleomgrep for all olje og gass som kan utvinnast. Ressursane blir klassifiserte etter kor modne dei er med omsyn til utvikling, utbygging og produksjon. Hovudklassane er reservar, betinga ressursar og ikkje oppdaga ressursar. Det som er produsert, selt og levert er den aggregerte produksjonen.

 

Totale ressursar

Oljedirektoratets basisestimat for totale oppdaga og ikkje oppdaga petroleumsressursar på norsk kontinentalsokkel er om lag 14,3 milliardar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e.). Av dette er 6,9 milliardar, eller 48 prosent, selt og levert.

Det er venta at 7,4 milliardar Sm3 o.e. står igjen å produsere. Av dette er 4,6 milliardar Sm3 o.e. oppdaga ressursar. Estimatet for ikkje oppdaga ressursar er 2,9 milliardar Sm3 o.e. Ikkje oppdaga ressursar utgjer om lag 39 prosent av dei totale ressursane som er igjen.

 

Petroleumsressursar og usikkerheit i estimata
per 31. desember 2016

 

Petroleumsressursar og usikkerheit i estimata per 31.12.2016

 

 

Totale petroleumsressursar på norsk kontinentalsokkel
per 31.12.2016


Olje
mill. Sm3 
Gass
mrd. Sm3
NGL
mill. tonn 
Kondensat
mill. Sm3
Sum o.e.
mill. Sm3
Produsert 4169,4 2217,1 189,7 115,6 6862,6
Reservar* 991,0 1782,2 112,2 22,7 3009,1
Betinga ressursar i felt 350,5 246,3 21,1 2,7 639,6
Betinga ressursar i funn 367,4 299,5 14,3 3,4 697,5
Utvinning ikkje evaluert (RK 7A) 145,0 60,0

205,0
Ikkje oppdaga ressursar 1285,0 1465,0
120,0 2870,0
Totalt 7308,3 6070,2 337,3 264,4 14283,8
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3

 

 Norsk kontinentalsokkel - endringar frå 2015


Endring
olje frå 2015
mill. Sm3
Endring gass frå 2015
mrd. Sm3
Endring NGL frå 2015
mill. tonn
Endring kondensat frå 2015
mill. Sm3
Endring sum o.e. frå 2015
mill. Sm3
Produsert 94,0 116,8 10,2 1,9 232,1
Reservar* -32,0 -74,2 -4,0 -5,4 -119,2
Betinga ressursar i felt 22,4 24,5 -1,2 0,5 45,1
Betinga ressursar i funn -7,7 -23,4 -0,4 -9,6 -41,6
Utvinning ikkje evaluert (RK 7A) -10,0 0,0 0,0 0,0 -10,0
Ikkje oppdaga ressursar -30,0 -20,0 0,0 0,0 -50,0
Totalt 36,7 23,6 4,7 -12,6 56,5
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3

 

Last ned: Tabell (Excel)


Totale petroleumsressursar på norsk kontinentalsokkel per 31.12.2016

Totale petroleumsressursar på norsk kontinentalsokkel per 31.12.2016 – olje og kondensat blir målt i millionar standard kubikkmeter. NGL blir målt i millionar tonn, og gass blir målt i milliardar standard kubikkmeter. Omregningsfaktor for NGL i tonn til Sm3 er 1,9. Sum oljeekvivalentar blir målt i millionar Sm3 o.e.

 

Reservar

Reservar er utvinnbare petroleumsmengder som er igjen og som det er vedtatt  at skal produserast. Dette omfattar både ressursar der styresmaktene har godkjent Plan for utbygging og drift (PUD) og dei ressursane som rettshavarane (selskapa i utvinningsløyvet) har vedtatt å produsere, men som ennå ikkje har naudsynte løyve frå styresmaktene.

Reservane utgjorde ved årsskiftet 3009 millionar Sm3 o.e. Gassreservane utgjer 60 prosent. Bruttoreservane, eller rettshavarane sine anslag før produksjonen er trekt ifrå, auka med 113 millionar Sm3 o.e. Produksjonen i 2016 var på 233 millionar Sm3 o.e. Endringa i rekneskapen viser ein årsproduksjon på 232 millionar Sm3 o.e. Årsaken til dette er at det blir nytta ein fast omrekningsfaktor når NGL blir rekna om til Sm3. Dette resulterte i at reservane blei reduserte med 119 millionar Sm3 o.e., eller om lag 4 prosent, i 2016.

 

Betinga ressursar

Betinga ressursar omfattar påvist olje og gass som det ennå ikkje er vedtatt  å produsere. Petroleumsmengder i mulige prosjekt for auka utvinning er inkludert i denne klassen.  Betinga ressursar utgjorde ved årsskiftet 1542 millionar Sm3 o.e. Ressursar som ikkje blir vurdert å vere kommersielt utvinnbare, er ikkje med i rekneskapen.

Kvart år vil ein del av dei betinga ressursane bli vedtatt og flytta over til kategorien reservar. Tilveksten i kategorien betinga ressursar kjem frå leiteverksemda.

Leiteverksemda gav i 2016 ein ressurstilvekst estimert til 57 millionar Sm3 o.e. 36 leitebrønner blei starta, og det blei gjort 18 funn; 2 i Barentshavet, 2 i Norskehavet og 14 i Nordsjøen. Mange av funna er ikkje ferdig evaluerte, og estimata er derfor svært usikre.

Betinga ressursar i felt utgjer 845 millionar Sm3 o.e. eller 19 prosent av dei påviste ressursane som er igjen. I 2016 har det vore ein auke på 35 millionar Sm3 o.e. i forhold til rekneskapen i 2015. Auken kan forklarast med modning av prosjekt på felta og nye prosjekt for auka utvinning. Ressursane i funn blei reduserte med 42 millionar Sm3 o.e., til 697 millionar Sm3 o.e., som resultat av at det er levert inn PUD for funna 8/10-4 S Oda, 15/8-1 Utgard, 35/11-13 Byrding, 6406/3-2 Trestakk og 6507/7-14 S Dvalin. Dei er nå klassifiserte som reservar. I tillegg er fleire av funna i rekneskapen for i fjor vurdert som lite sannsynlege å bygge ut. Dei er derfor ikkje inkludert i rekneskapen.

 

Ikkje oppdaga ressursar

Ikkje oppdaga ressursar omfattar olje og gass som truleg finst og kan produserast, men som ennå ikkje er påvist ved boring.

I 2016 blei ikkje ressursanslaget for dei ikkje oppdaga ressursane oppdaterte. Oppdateringa blir gjort annakvart år.  Neste oppdatering er i 2017. Dei ikkje oppdaga ressursane er estimert til 2870 millionar Sm3 o.e. Dette er ein reduksjon på 50 millionar Sm3 o.e. samanlikna med ressursrekneskapen for 2015 og er om lag like mykje  som mengda som blei påvist i nye funn i 2016. Ikkje oppdaga ressursar utgjer om lag 39 prosent av dei totale ressursane som er igjen på norsk sokkel. 

 

UNFC klassifisering

United Nations Framework Classification System 2009” (UNFC-2009) er eit klassifikasjonssystem som mellom anna er laga for å kunne samanlikne ressursanslag på tvers av ulike klassifikasjonssystem.

Sidan 2014 har Oljedirektoratet også klassifisert dei norske petroleumsressursane etter UNFC-2009.

Ressursane i kvart av dei om lag 700 norske prosjekta som inngår i ressursrekneskapen er sortert langs tre aksar; E, F og G-aksen. Desse representerer ulik grad av sosioøkonomisk attraktivitet, teknisk modning og usikkerheit.

Den norske ressursrekneskapen per 31.12.2016 transformert til UNFC kan summerast opp slik som vist i tabellen med ressursrekneskapen under fanen «UNFC».

Ei forklaring på metodikken som er nytta for konvertering frå det norske systemet til UNFC 2009 kan finnast i denne Publikasjonen frå 2014 >>.

 

Ressursar per havområde

 

Nordsjøen har om lag 51 prosent av dei totale ressursane som er igjen. Fordelinga av resten av ressursane er omtrent likt fordelt mellom Norskehavet og Barentshavet. Ein stor del av dei forventa  ressursane som er igjen i Barentshavet er ennå ikkje oppdaga.

Nordsjøen er motoren i norsk petroleumsverksemd med 62 produserande felt ved årsskiftet, mens Norskehavet har 16 felt i produksjon. Barentshavet har to etter at Goliat kom i produksjon i 2016. Det er også Nordsjøen som har mest ressursar igjen med om lag 51 prosent.

 

Gjenverande petroleumsressursar fordelt på havområde
per 31. desember 2016

 

Gjenverande petroleumsressursar fordelt på havområde per 31. Desember 2016

 



Nordsjøen

Ressursrekneskapen for Nordsjøen viser at det blei selt og levert 160 millionar Sm3 o.e. frå denne delen av norsk sokkel det siste året. Samtidig var tilveksten av bruttoreservar, eller rettshavarane sine anslag før produksjonen er trekt  ifrå, 59 millionar Sm3 o.e. Dette betyr at reservane som er igjen  i Nordsjøen blei redusert med 101 millionar Sm3 o.e. i 2016.

Auken i brutto reservar kan forklarast med at det er levert inn PUD for 35/11-13 Byrding, 8/10-4S Oda og 15/8-1 Utgard, og at reservane har auka på fleire felt.

Betinga ressursar i felt auka med 42 millionar Sm3 o.e. i 2016 som følge av modning av prosjekt på felta og nye prosjekt for auka utvinning. Betinga ressursar i funn er reduserte med 30 millionar Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i fjor Årsaken til dette er at ressursane i 35/11-13 Byrding, 8/10-4 S Oda og 15/8-1 Utgard er overførte til feltporteføljen. I tillegg er seks av funna i fjorårets rekneskap vurdert som ikkje kommersielle å utvinne. Dei er klassifisert i ressursklasse 6. Det er gjort 14 nye funn i Nordsjøen i 2016. Ressurstilveksten er på om lag 50 millionar Sm3 o.e.

Ressursanslaget for dei ikkje oppdaga ressursane blei ikkje oppdatert i 2016. Forventningsverdien er anslått til 700 millionar Sm3 o.e. Dette er ein reduksjon på 45 millionar Sm3 o.e. i forhold til rekneskapen i fjor, og svarer om lag til mengda som er påvist i nye funn i 2016.

 

Totale petroleumsressursar i Nordsjøen
per 31.12.2016
  Olje
mill. Sm3
Gass
mrd. Sm3
NGL
mill. tonn
Konden-
sat
mill. Sm3
Sum
o.e.
mill. Sm3
Produsert 3581,1
 1721,7 135,6
74,7
 5635,1
Reservar* 841,8
 1219,6 72,2
 -4,5 2194,0
Betinga ressursar i felt  311,8  129,7  11,8  0,0  463,9
Betinga ressursar i funn 138,7
120,9
 8,6  1,0  276,9
Ikkje oppdaga ressursar 430,0
 230,0    40,0  700,0
Totalt** 5303,3
 3421,8  228,2  111,2  9270,0
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3,
** Ressursar frå RK 7A er ikkje fordelt på område.

 

Nordsjøen - endringar frå 2015
  Endring olje frå 2015
mill. Sm3
Endring gass frå 2015
mrd. Sm3
Endring NGL frå 2015
mill. tonn
Endring kondensat frå 2015
mill. Sm3
Endring sum o.e. frå 2015
mill. Sm3
Produsert 76,6
 71,6 6,4
 0,0 160,3
Reservar* -32,0
-58,9
-3,1
 -3,9 -100,8
Betinga ressursar i felt 26,4
13,8
0,9
0,0
41,9
Betinga ressursar i funn -22,5
 0,2 -0,1
 -8,0 -30,5
Ikkje oppdaga ressursar  -25,0 -20,0
 0,0  0,0 -45,0
Totalt** 23,5
 6,6  4,1 -11,9
 26,0
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3,
** Ressursar frå RK 7A er ikkje fordelt på område.

 

Last ned: Tabell (Excel)

 

Norskehavet

Ressursrekneskapen for Norskehavet viser at det blei selt og levert 61 millionar Sm3 o.e. frå denne delen av norsk sokkel det siste året. Samstundes auka bruttoreservane, eller rettshavarane sine anslag før produksjonen er trekt ifrå, med 51 millionar Sm3 o.e. Dette inneber ein reduksjon i resterande reservar i Norskehavet på 10 millionar Sm3 o.e. i 2016.

Auken i brutto reservar skuldast mellom anna at det er levert PUD for  6507/7-14 S Dvalin og 6406/3-2 Trestakk, og at desse er  overførte til reservane. Det er også auka reserveanslag på fleire av felta i Norskehavet.

Betinga ressursar i felt har auka med 2 millionar Sm3 o.e. i 2016. Estimatet for betinga ressursar i funn er redusert med 30 millionar Sm3 o.e. i høve til rekneskapen i fjor. Den viktigaste årsaken er at ressursane i 6507/7-14 S Dvalin og 6406/3-2 Trestakk er overførte til reservar.

Det blei gjort to nye funn nær Njord-feltet i Norskehavet i 2016. Funna er små, og samla ressurstilvekst er på om lag 0,7 millionar Sm3 o.e. Estimatet for ikkje oppdaga ressursar er på 775 millionar Sm3 o.e. Estimatet er uendra frå 2015.

 

Totale petroleumsressursar i Norskehavet
per 31.12.2016
 

Olje
mill. Sm3

Gass
mrd. Sm3

NGL
mill. tonn

Konden-
sat

mill. Sm3

Sum
o.e.
mill. Sm3

Produsert 585,4
 454,1 52,0
34,1
 1172,4
Reservar* 121,2  380,2 34,0
 8,2 574,1
Betinga ressursar i felt  34,7  102,0  8,1 2,3  154,2
Betinga ressursar i funn 38,1
132,7
 5,1  1,6  182,1
Ikkje oppdaga ressursar 320,0
 410,0    45,0  775,0
Totalt** 1099,4
 1479,0  99,1 91,1  2857,9
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3,
** Ressursar frå RK 7A er ikkje fordelt på område.

 

Norskehavet - endringar frå 2015
  Endring olje frå 2015
mill. Sm3
Endring gass frå 2015
mrd. Sm3
Endring NGL frå 2015
mill. tonn
Endring kondensat frå 2015
mill. Sm3
Endring sum o.e. frå 2015
mill. Sm3
Produsert 14,4
 39,1 3,6
 1,0 61,4
Reservar* 0,4
-8,6
-1,0
 0,0 -10,1
Betinga ressursar i felt -3,3
10,3
-2,8
0,8
2,5
Betinga ressursar i funn -11,0
 -17,0 -0,3
 -1,6 -30,3
Ikkje oppdaga ressursar  0,0 0,0
 0,0  0,0 0,0
Totalt** 0,6
 23,7 -0,5 0,2
23,5
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3,
** Ressursar frå RK 7A er ikkje fordelt på område.

Last ned: Tabell (Excel)

 

Barentshavet

Ressursrekneskapen for Barentshavet viser at det blei selt og levert ti millionar Sm3 o.e. frå denne delen av norsk sokkel det siste året. Samstundes auka bruttoreservane, eller rettshavarane sine anslag før produksjonen er trekt ifrå, med 2 millionar Sm3 o.e. Dette inneber ein reduksjon i gjenverande reservar i Barentshavet på 8 million Sm3 o.e. i 2016.

Betinga ressursar i felt har auka med ein million Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i fjor. Estimatet for betinga ressursar i funn har auka  med 19 millionar Sm3 o.e i forhold til rekneskapen i fjor. Årsaken er at ressursestimatet for 7324/8-1 Wisting har auka med 18 millionar Sm3 o.e. etter lovande resultat frå ein avgrensingsbrønn i 2016.

Det blei gjort to nye funn i Barentshavet i 2016. Ressurstilveksten er på om lag 7 millionar Sm3 o.e. Eitt av funna er vurdert som ikkje kommersielt å utvinne, og det er derfor ikkje inkludert i rekneskapen.

Dei ikkje oppdaga ressursane i Barentshavet inkluderer volum i Barentshavet søraust og området rundt Jan Mayen. Det nye området i Barentshavet nordaust etter delelinjeavtalen mellom Noreg og Russland er ikkje inkludert. Estimatet for dei ikkje påviste ressursane er 1395 millionar Sm3 o.e. og er i år redusert med 5 millionar Sm3 o.e. Dette er om lag like mykje som er påvist i nye funn i 2016.

 

Totale petroleumsressursar i Barentshavet
per 31.12.2016
  Olje
mill. Sm3
Gass
mrd. Sm3
NGL
mill. tonn
Konden-
sat
mill. Sm3
Sum
o.e.
mill. Sm3
Produsert 3,0
 41,3 2,1
6,8
 55,0
Reservar* 28,0  182,4 6,1
 19,0 241,0
Betinga ressursar i felt 4,0  14,7 1,2 0,4  21,4
Betinga ressursar i funn 190,6
45,9
 0,6 0,9  238,5
Ikkje oppdaga ressursar 535,0
 825,0   35,0  1395,0
Totalt** 760,6
 1109,3  10,0 62,1  1950,9
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3,
** Ressursar frå RK 7A er ikkje fordelt på område.

 

Barentshavet - endringar frå 2015
  Endring olje frå 2015
mill. Sm3
Endring gass frå 2015
mrd. Sm3
Endring NGL frå 2015
mill. tonn
Endring kondensat frå 2015
mill. Sm3
Endring sum o.e. frå 2015
mill. Sm3
Produsert 3,0
 6,1 0,3
 0,9 10,5
Reservar* -0,4
-6,7
0,2
 -1,5 -8,3
Betinga ressursar i felt -0,7
0,4
0,7
-0,3
0,7
Betinga ressursar i funn 25,8
 -6,6 0,0
 0,0 19,2
Ikkje oppdaga ressursar -5,0 0,0
 0,0  0,0 -5,0
Totalt** 22,6
 -6,7 1,1 -0,9
17,0
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3,
** Ressursar frå RK 7A er ikkje fordelt på område.

 

Last ned: Tabell (Excel)