Ressursrekneskap per 31.12.2017

12.03.2018
Oljedirektoratets estimat for totale påviste og ikkje påviste petroleums­ressursar på norsk kontinental­sokkel er om lag 15,6 milliardar standard kubikkmeter olje­ekvivalentar.

Dette er 1,3 milliardar meir enn per 31.12.2016. Av dette er 45 prosent selt og levert. Om lag 47 prosent av ressursane som er igjen, er ikkje påviste.

Artikkelen har og med ei oppsummering av ODs ressursrekneskap etter UNFC-klassifiseringa.

Ressursar er et samleomgrep for all olje og gass som kan vinnast ut. Ressursane blir klassifiserte etter kor modne dei er med omsyn til kor langt dei er komne i planprosessen fram mot vedtak om utbygging og produksjon. Hovudklassane er reservar, betinga ressursar og ikkje påviste ressursar.

 

Totale ressursar

Oljedirektoratets basisestimat for totale påviste og ikkje påviste petroleumsressursar på norsk kontinentalsokkel er om lag 15,6 milliardar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e.). Av dette er 7,1 milliardar Sm3 o.e., eller 45 prosent, selt og levert. Det er ein auke i ikkje påviste ressursar på 1,3 milliardar Sm3 o.e. samanlikna med året før. Årsaka til dette er at Oljedirektoratet i 2016/2017 kartla område som ikkje er opna for petroleumsverksemd i den nordaustlege delen av Barentshavet.

Det er venta at det er 8,5 milliardar Sm3 o.e. igjen å produsere. Av dette er 4,5 milliardar Sm3 o.e. påviste ressursar. Estimatet for ikkje påviste ressursar er 4,0 milliardar Sm3 o.e. Om lag 47 prosent av dei ressursane som er igjen er ennå ikkje påvist.

Last ned: alle tabellar som høyrer til ressursrekneskapen for norsk sokkel per 31.12.2017.

 

Petroleumsressursar og usikkerheit i estimata
per 31.12.2017

 

Petroleumsressursar og usikkerheit i estimata per 31.12.2017

 

Totale petroleumsressursar på norsk kontinentalsokkel
per 31.12.2017


Olje
mill. Sm3 
Gass
mrd. Sm3
NGL
mill. tonn 
Kondensat
mill. Sm3
Sum o.e.
mill. Sm3
Produsert 4261,4 2341,1 200,3 117,3 7100,3
Reservar* 1131,1 1729,1 109,5 20,7 3088,9
Betinga ressursar i felt 338,2 241,3 20,8 2,4 621,5
Betinga ressursar i funn 275,0 293,4 15,2 1,9 599,2
Utvinning ikkje evaluert (RK 7A) 130,0 70,0

200,0
Ikkje oppdaga ressursar 1995,0 1870,0
135,0 4000,0
Totalt 8130,7 6544,9 345,8 277,4 15610,0
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3

 

 Norsk kontinentalsokkel - endringar frå 2016


Endring
olje frå 2016
mill. Sm3
Endring gass frå 2016
mrd. Sm3
Endring NGL frå 2016
mill. tonn
Endring kondensat frå 2016
mill. Sm3
Endring sum o.e. frå 2016
mill. Sm3
Produsert 92,0 123,9 10,5 1,7 237,7
Reservar* 140,1 -53,2 -2,7 -1,9 79,9
Betinga ressursar i felt -12,3 -5,0 -0,2 -0,3 -18,0
Betinga ressursar i funn -92,4 -6,0 0,9 -1,5 -98,3
Utvinning ikkje evaluert (RK 7A) -15,0 10,0 0,0 0,0 -5,0
Ikkje oppdaga ressursar 710,0 405,0 0,0 15,0 1130,0
Totalt 822,4 474,7 8,5 13,0 1326,3
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3

 

Last ned: Tabell (Excel)

 

Totale petroleumsressursar på norsk kontinentalsokkel per 31.12.2017

Olje og kondensat oppgis i millionar standard kubikkmeter. NGL oppgis i millionar tonn, og gass oppgis i milliardar standard kubikkmeter. Omrekningsfaktor for NGL i tonn til Sm3 er 1,9. Sum oljeekvivalentar oppgis i millionar Sm3 o.e.

 

Reservar

Reservar er utvinnbare petroleumsmengder som ikkje er produsert, men det er vedteke at dei skal produserast. Dette gjeld både ressursar der styresmaktene har godkjent Plan for utbygging og drift (PUD) og dei ressursane som rettshavarane, selskapa i utvinningsløyvet, har vedteke å produsere, men som ennå ikkje har naudsynte løyve frå styresmaktene.

Reservane var 3089 millionar Sm3 o.e ved årsskiftet. 56 prosent av dette er gass. Bruttoreservane, eller anslaget før produksjonen er trekt frå, auka med 318 millionar Sm3 o.e. Årsaka til den solide auken er reservevekst på fleire produserande felt og innlevering av mange planar for utbygging og drift (PUD). Produksjonen i 2017 var på 238 millionar Sm3 o.e. Dette inneber ein netto reserveauke på 80 millionar Sm3 o.e., eller om lag 3 prosent, i 2017.

 

Betinga ressursar

Betinga ressursar er påvist olje og gass som det ennå ikkje er vedtatt  å produsere. Petroleumsmengder i moglege prosjekt for auka utvinning er inkludert i denne klassen. Dei betinga ressursar var ved årsskiftet 1421 millionar Sm3 o.e. Ressursar som ikkje blir vurdert å vere kommersielt utvinnbare, er ikkje med i rekneskapen.

Kvart år vil ein del av dei betinga ressursane bli vedtatt bygt ut, med dette blir dei flytta over til kategorien reservar. Tilveksten i kategorien betinga ressursar kjem både frå leiteverksemd og frå endra anslag og nye moglegheiter i felt og funn.

Leiteverksemda gav i 2017 ein ressurstilvekst estimert til 33 millionar Sm3 o.e. 23 utforskingbrønner blei avslutta, og det blei gjort 11 funn; seks i Barentshavet, tre i Norskehavet og to i Nordsjøen. Mange av funna er ikkje ferdig evaluerte, og estimata er derfor svært usikre.

Betinga ressursar i felt utgjer 822 millionar Sm3 o.e. eller 18 prosent av dei gjenverande påviste ressursane. I 2017 ble dei betinga ressursane i felt redusert med 23 millionar Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i 2016. Reduksjonen kan mellom anna forklarast med at prosjektet for å utvikle Snorre vidare og for å bygge ut Ærfugl-prosjektet i Skarv er modna til reservar. Ressursane i funn blei reduserte med 98 millionar Sm3 o.e., til 599 millionar Sm3 o.e., som resultat av at det er levert inn PUD for funna 25/1-11 R Skogul, 6407/8-6 Bauge, 6407/12-3 S Fenja og 7220/8-1 Johan Castberg. Funnet 6706/12-2 Snefrid Nord er innvilga fritak for PUD, og funnet er innlemma i Aasta Hansteen-feltet. Ressursane i desse funna er nå klassifiserte som reservar. I tillegg er fem av funna i rekneskapen for i fjor vurdert som lite sannsynlege å bygge ut. Dei er derfor ikkje inkludert i rekneskapen.

 

Ikkje påviste ressursar

Ikkje påviste ressursar omfattar olje og gass som truleg finst og kan produserast, men som ennå ikkje er påvist ved boring.

I 2017 er ressursanslaget for dei ikkje påviste ressursane oppdaterte. Oppdateringa blir gjort annakvart år. Dei ikkje påviste ressursane er estimert til 4000 millionar Sm3 o.e. Dette er ein auke på 1130 millionar Sm3 o.e. samanlikna med ressursrekneskapen for 2016. Denne store auken kjem av at Barentshavet nord er evaluert på nytt og at området i Barentshavet nordaust etter delelineavtalen mellom Noreg og Russland nå er inkludert i anslaget. Ikkje påviste ressursar utgjer om lag 47 prosent av dei totale ressursane som er igjen på norsk sokkel.

 

UNFC klassifisering

United Nations Framework Classification System 2009” (UNFC-2009) er eit klassifiseringssystem som mellom anna er laga for å kunne samanlikne ressursanslag på tvers av ulike klassifiseringssystem.

Sidan 2014 har Oljedirektoratet også klassifisert dei norske petroleumsressursane etter UNFC-2009.

Ressursane i kvart av dei om lag 700 norske prosjekta som inngår i ressursrekneskapen er sortert langs tre aksar; E, F og G-aksen. Desse representerer ulik grad av sosioøkonomisk attraktivitet, teknisk modning og usikkerheit.

Den norske ressursrekneskapen per 31.12.2017 transformert til UNFC kan summerast opp slik som vist i tabellen med ressursrekneskapen under fanen «UNFC».

Ei forklaring på metodikken som er nytta for konvertering frå det norske systemet til UNFC 2009 kan finnast i denne publikasjonen frå 2014.

 

Ressursar per havområde

Nordsjøen har om lag 44 prosent av ressursane som er igjen. Fordelinga av resten av ressursane viser at det er 36 prosent igjen i Barentshavet og 20 prosent igjen i Norskehavet. Ein stor del av dei forventa ressursane som er igjen i Barentshavet er ennå ikkje påvist.

Nordsjøen er motoren i norsk petroleumsverksemd med 66 produserande felt ved årsskiftet. Fire nye felt, Gina Krog, Flyndre, Sindre og Byrding, blei sett i produksjon i 2017.

I Norskehavet er det 17 felt i produksjon. Eitt nytt felt, Maria, blei sett i produksjon i 2017. I Barentshavet er det to produserande felt..

Last ned: alle tabellar som høyrer til ressursrekneskapen for norsk sokkel per 31.12.2017.

 

Gjenverande petroleumsressursar fordelt på havområde per 31. desember 2017

 

Gjenverande petroleumsressursar fordelt på havområde per 31. desember 2017

 

Nordsjøen

Ressursrekneskapen for Nordsjøen viser at det blei selt og levert 168 millionar Sm3 o.e. frå denne delen av norsk sokkel det siste året. Bruttoreservane auka med 118 millionar Sm3 o.e, før produksjonen er trekt  ifrå. Dette betyr at reservane som er igjen i Nordsjøen blei redusert med 50 millionar Sm3 o.e. i 2017.

Auken i bruttoreservar kan forklarast med at det er levert inn PUD for 25/1-11 R Skogul, Snorre vidareutvikling, Valhall vestflanke og Yme. I tillegg auka reservane på fleire felt, som Johan Sverdrup og Balder.

Betinga ressursar i felt auka med 31 millionar Sm3 o.e. i 2017 fordi det er identifisert fleire ressursar på felta som kan produserast. I tillegg er det nå planar om å bygge ut felta Frigg, Nordaust Frigg og Odin på nytt. Betinga ressursar i funn er reduserte med 2 millionar Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i fjor fordi ressursane i 25/1-11 R Skogul er overførte til reservar. I tillegg er fem av funna i rekneskapen frå i fjor vurdert som ikkje kommersielle å utvinne, og dei er derfor ikkje inkluderte i rekneskapen. Det er gjort to nye funn i Nordsjøen i 2017. Ressurstilveksten frå disse er på om lag 4 millionar Sm3 o.e.

Ressursanslaget for dei ressursane som ikkje er påviste blei oppdatert i 2017. Forventningsverdien er 725 millionar Sm3 o.e. Dette er ein auke på 25 millionar Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i fjor.

 

Totale petroleumsressursar i Nordsjøen
per 31.12.2017
  Olje
mill. Sm3
Gass
mrd. Sm3
NGL
mill. tonn
Konden-
sat
mill. Sm3
Sum
o.e.
mill. Sm3
Produsert 3657,3
 1800,8 142,2
74,7
 5803,1
Reservar* 870,6
 1152,1 66,4
 -4,4 2144,4
Betinga ressursar i felt  306,7  160,6  14,4  0,0  494,6
Betinga ressursar i funn 136,6
119,2
 10,1  0,0  275,0
Ikkje oppdaga ressursar 430,0
 245,0    50,0  725,0
Totalt** 5401,2
 3477,6  233,1  120,3  9442,0
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3,
** Ressursar frå RK 7A er ikkje fordelt på område.

 

Nordsjøen - endringar frå 2016
  Endring olje frå 2016
mill. Sm3
Endring gass frå 2016
mrd. Sm3
Endring NGL frå 2016
mill. tonn
Endring kondensat frå 2016
mill. Sm3
Endring sum o.e. frå 2016
mill. Sm3
Produsert 76,2
 79,1 6,6
 0,0 167,9
Reservar* 28,8
-67,5
-5,8
 0,0 -49,6
Betinga ressursar i felt -5,1
30,8
2,6
0,0
30,7
Betinga ressursar i funn -2,1
 -1,7 1,5
 -1,0 -1,9
Ikkje oppdaga ressursar  0,0 15,0
 0,0  10,0 25,0
Totalt** 97,9
55,8  4,9 9,1
 172,0
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3,
** Ressursar frå RK 7A er ikkje fordelt på område.

 

Last ned: Tabell (Excel)

 

Norskehavet

Ressursrekneskapen for Norskehavet viser at det blei selt og levert 60 millionar Sm3 o.e. frå denne delen av norsk sokkel det siste året. Samstundes auka bruttoreservane med 109 millionar Sm3 o.e. før produksjonen er trekt frå. Dette inneber ein auke i resterande reservar i Norskehavet på 48 millionar Sm3 o.e. i 2017.

Auken i brutto reservar skuldast mellom anna at det er levert PUD for 6406/12-3S (Fenja), Bauge og Ærfugl i Skarv, og at ressursane som det er vedtatt å bygge ut er overførte til reservane. I tillegg er det innvilga PUD-fritak for 6706/12-2 Snefrid Nord som nå inngår i reservegrunnlaget på Aasta Hansteen-feltet. I tillegg auka reservane på fleire felt som Åsgard, Ormen Lange og Heidrun.

Betinga ressursar i felt er redusert med 46 millionar Sm3 o.e. i 2017. Årsaka til dette er mellom anna at det er vedtatt i bygge ut Ærfugl i Skarv. Estimatet for betinga ressursar i funn er redusert med sju millionar Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i fjor. Den viktigaste årsaka er at det er levert utbyggingsplanar for 6406/12-3 S (Fenja), 6407/8-6 Snilehorn (nå Bauge-feltet) og 6706/12-2 Snefrid Nord.

Det blei gjort tre nye funn i Norskehavet i 2017. Funna er små, og samla ressurstilvekst er på om lag seks millionar Sm3 o.e. Estimatet for ikkje påviste ressursar er på 740 millionar Sm3 o.e. Det er redusert med 35 millionar Sm3 o.e. frå 2016.

 

 

Totale petroleumsressursar i Norskehavet
per 31.12.2017
 

Olje
mill. Sm3

Gass
mrd. Sm3

NGL
mill. tonn

Konden-
sat

mill. Sm3

Sum
o.e.
mill. Sm3

Produsert 598,7
 493,4 55,7
35,0
 1232,8
Reservar* 145,7  399,9 36,8
 6,8 622,4
Betinga ressursar i felt  28,7  67,9  5,4 1,8  108,6
Betinga ressursar i funn 26,7
139,5
 4,4  0,9  175,4
Ikkje oppdaga ressursar 300,0
 395,0    45,0  740,0
Totalt** 1099,8
 1495,7  102,2 89,5  2879,2
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3,
** Ressursar frå RK 7A er ikkje fordelt på område.

 

Norskehavet - endringar frå 2016
  Endring olje frå 2016
mill. Sm3
Endring gass frå 2016
mrd. Sm3
Endring NGL frå 2016
mill. tonn
Endring kondensat frå 2016
mill. Sm3
Endring sum o.e. frå 2016
mill. Sm3
Produsert 13,3
 39,3 3,7
 0,9 60,4
Reservar* 24,5
19,7
2,8
 -1,3 48,3
Betinga ressursar i felt -6,0
-34,0
-2,7
-0,4
-45,6
Betinga ressursar i funn -11,4
 6,8 -0,7
 -0,7 -6,7
Ikkje oppdaga ressursar  -20,0 -15,0
 0,0  0,0 -35,0
Totalt** 0,4
 16,7 3,1 -1,6
21,3
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3,
** Ressursar frå RK 7A er ikkje fordelt på område.

 

Last ned: Tabell (Excel)

 

Barentshavet

Ressursrekneskapen for Barentshavet viser at det blei selt og levert ni millionar Sm3 o.e. frå denne delen av norsk sokkel det siste året. Samstundes auka bruttoreservane med 90 millionar Sm3 o.e. før produksjonen er trekt ifrå. Dette gir ein auke i resterande reservar i Barentshavet på 81 million Sm3 o.e. i 2017.

Auken i brutto reservar skuldast at det er levert PUD for 7220/8-1 Johan Castberg.

Betinga ressursar i felt er redusert med tre millionar Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i fjor. Estimatet for betinga ressursar i funn er redusert med 90 millionar Sm3 o.e. Årsaka til dette er at det er levert inn PUD for 7220/8-1 Johan Castberg.

Det blei gjort seks nye funn i Barentshavet i 2017. Ressurstilveksten er på om lag 23 millionar Sm3 o.e. Tre av funna er vurderte som ikkje kommersielle å utvinne, og dei er derfor ikkje inkluderte i rekneskapen.

Dei ikkje påviste ressursane i Barentshavet inkluderer volum i Barentshavet sør, søraust og nord. Det nye området i Barentshavet nordaust etter delelineavtalen mellom Noreg og Russland er i år inkludert for første gang. Estimatet for dei ikkje påviste ressursane er i år 2535 millionar Sm3 o.e. Dette er ein auka på 1140 millionar Sm3 o.e. samanlikna med 2016. Årsaka til den store endringa frå 2016 er den nye evalueringa av Barentshavet nord.

 

Totale petroleumsressursar i Barentshavet
per 31.12.2017
  Olje
mill. Sm3
Gass
mrd. Sm3
NGL
mill. tonn
Konden-
sat
mill. Sm3
Sum
o.e.
mill. Sm3
Produsert 5,5
 46,9 2,3
7,6
 64,4
Reservar* 114,8  177,1 6,3
 18,3 322,2
Betinga ressursar i felt 2,8  12,8 1,1 0,6  18,3
Betinga ressursar i funn 111,7
34,8
 0,7 1,0  148,9
Ikkje oppdaga ressursar 1265,0
 1230,0   40,0  2535,0
Totalt** 1499,7
 1501,6  10,5 67,5  3088,8
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3,
** Ressursar frå RK 7A er ikkje fordelt på område.

 

Barentshavet - endringar frå 2016
  Endring olje frå 2016
mill. Sm3
Endring gass frå 2016
mrd. Sm3
Endring NGL frå 2016
mill. tonn
Endring kondensat frå 2016
mill. Sm3
Endring sum o.e. frå 2016
mill. Sm3
Produsert 2,5
 5,6 0,3
 0,8 9,4
Reservar* 86,8
-5,4
0,3
 -0,6 81,2
Betinga ressursar i felt -1,2
-1,8
-0,1
0,2
-3,1
Betinga ressursar i funn -78,9
 -11,1 0,1
 0,1 -89,7
Ikkje oppdaga ressursar 730,0 405,0
 0,0  5,0 1140,0
Totalt** 739,1
 392,3 0,6 5,5
1137,9
* Inkluderer ressursklassane 1, 2 og 3,
** Ressursar frå RK 7A er ikkje fordelt på område.


Last ned: Tabell (Excel)