Arbeidsforpliktelser

timeglass
04.04.2016
Etter tildeling gjeld utvinningsløyvet som hovudregel for ein initiell periode (leiteperiode) på mellom fire og åtte år, med eit forplikta arbeidsprogram i fleire tidsavgrensa fasar.

I første fase kan arbeidsprogrammet være å skaffe ny seismikk, og neste fase kan være å bore ein leitebrønn. Søknader og rapportering for utvinningsløyvet er nedfelt i konsesjonsdokumentet for det einskilde løyvet.

Etter kvar fase i arbeidsprogrammet må rettshavarane innan gjeldande tidsfrist, avgjere om dei vil vidareføre løyvet til neste fase. Vilkåret for å gå vidare er at arbeidsplikta er godkjend som gjennomført. Vedtaket skal meldes til Olje- og energidepartementet med kopi til Oljedirektoratet. Dersom det ikkje vert gjort eit slikt vedtak innan fristen, fell utvinningsløyvet bort. Informasjon om arbeidsprogrammet og status for det einskilde utvinningsløyvet ligg på Faktasidene.

Er det av ulike årsaker behov for meir tid til gjennomføring av arbeidsprogrammet før ein kan vedta å gå vidare til neste fase, kan rettshavarane søke om å få utsett gjeldande tidsfristar i arbeidsprogrammet. Søknader sendes inn via nettportalen SMIL.