Lov til å leite, finne og produsere

Kakestykke
Havbotnen utanfor Noreg skjuler framleis mykje olje og gass, og mange selskap vil ha ein del av kaka. Utvinningsløyve er inngangsbilletten.

Kontinentalsokkelen er delt inn i blokker, som er geografiske område definert ved geografiske koordinatar. Blokkomgrepet er viktig i petroleumsverksemda, fordi eit utvinningsløyve vanlegvis vert gitt for ein del av ei blokk, ei heil blokk eller fleire blokker til eitt eller fleire selskap.

Utvinningsløyve vert tildelt gjennom ordinære konsesjonsrundar (hovudregel annankvart år) og tildelingar i førehandsdefinerte områder, såkalla TFO-tildelingar (kvart år).

TFO-ordninga omfattar såkalla modne områder på sokkelen. Denne ordninga  skal sikre at industrien skal kunne utforske areal nær eksisterande og planlagt infrastruktur for å bidra til god kapasitetsutnytting av produksjons- og transportinnretningar på sokkelen. 

Ein ordinær konsesjonsrunde startar med at Olje- og energidepartementet (OED) inviterer oljeselskapa til å nominere blokker dei meiner bør vere  med i utlysinga. Etter ein grundig gjennomgang utarbeider OED – med innspel frå OD – ei liste over blokker dei ynskjer å inkludere i konsesjonsrunden. Etter ein høyringsrunde og forhandlingar med blant anna fiskeri- og miljømyndigheiter, kunngjer OED blokkene det er muleg å søke om utvinningsløyve for, og miljø- og fiskerivilkåra som er knytte til disse. Selskapa kan søke som ein del av ei gruppe eller enkeltvis.

På bakgrunn av søknadane som kjem inn tildeler Regjeringa utvinningsløyve.  Dersom fleire selskap har søkt i lag (som gruppe), vert samansetjinga av gruppa, anbefalt operatør og felles kompetanse vurdert. Selskap som søker individuelt kan bli tilførd ei gruppe, alternativt kan fleire selskap som søker enkeltvis få tildelt eigarandelar i same løyve. Ved tildelinga vurderer myndigheitene selskapet/selskapa sin tekniske ekspertise, geologiske forståing, finansielle styrke og erfaring (frå norsk sokkel eller andre stader, andre aktivitetar m.m.).

Utvinningsløyvet regulerer rettar og plikter selskapa har overfor staten. Dokumentet fyller ut pålegga i petroleumslova og gir detaljerte vilkår for kvart enkelt løyve. Utvinningsløyvet gir einerett til undersøking, leiteboring og utvinning av olje og gass innanfor det gitte geografiske området. Den einskilde rettighetshavaren eig sin del av petroleum som vert produsert.

I første omgang gjeld utvinningsløyvet som hovudregel for ein såkalla initiell periode (leiteperiode) på mellom fire og seks år. Rettighetshavarene kan søke om å få utvida perioden til opptil ti år. I denne tida skal det utførast ei fastsett arbeidsplikt i form av mellom anna seismisk innsamling og kartlegging og/eller leiteboring. Når den initielle perioden er over og arbeidsplikta gjennomført, kan rettighetshaverane søke om forlenging for en periode som er fastsatt i utvinningsløyvet. Som hovudregel er denne perioden i inntil 30 år.

Dersom det ikkje vert påvist olje eller gass etter leiteboring, er hovudregelen at området skal leverast tilbake  ved utløpet av den initielle perioden. For utvinningsløyve tildelt før 2004 er hovudregelen at rettighetshavarane i løyvet kan krevje å behalde inntil halvparten av det området løyvet gjeld for i inntil 30 år (dersom arbeidsplikta blir fullført i løpet av leiteperioden).

I samband med den 20. konsesjonsrunden på norsk sokkel (2008) er det innført ei ny ordning med brei offentleg høyring av forslag til blokker (sjå pressemelding). Olje- og energiministeren ynskjer meir openheit slik at dei ulike samfunnsinteressene kan uttale seg før departementet fattar eit vedtak i saka, og at både samfunnsmessige og faglege følgjer av forslaget vert belyst.

 


14.10.2008