Boreløyve for brønnbane 6603/5-1 S i utvinningsløyve 392

02.09.2010
Oljedirektoratet har gitt A/S Norske Shell boreløyve for brønnbane 6603/5-1 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønnbane 6603/5-1 S skal borast frå boreinnretninga Aker Barents i posisjon 66°34’33,20” nord og 3°32’46,10” aust etter avslutting av boring av avgrensingsbrønnen på Grofunnet i utvinningsløyve 326.

Boreprogrammet for brønnbane 6603/5-1 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 392.

A/S Norske Shell er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Statoil Petroleum AS (20 prosent), ConocoPhillips Skandinavia AS (20 prosent) og BG Norge AS (20 prosent). Arealet i dette løyvet består av blokkene 6603/5, 6603/6, 6603/7 og 6603/8.

Brønnen blir bora i Norskehavet om lag 50 kilometer nordvest for Grofunnet og om lag 410 kilometer vest for Sandnessjøen.

Utvinningsløyve 392 vart delt ut 28. april 2006 (19. konsesjonsrunde på norsk sokkel). Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart

 


Tema: Brønner

Oljeordliste

Abonner på nyheter

Få siste nytt fra Oljedirektoratet tilsendt på e-post.