Corec, Internasjonalt senter for auka oljeutvinning
07.06.2011
Senteret er eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Stavanger (UiS), forskingsstiftinga IRIS og ConocoPhillips som operatør for Ekofisk, Eldfisk og Tor (utvinningsløyve 018).
Føremålet er primært å auke utvinninga av olje i Ekofisk-området og andre felt på norsk sokkel. Senteret vart etablert i 2002 med ein tidshorisont på ti år.
Opprettinga av senteret vart i si tid finansiert av ConocoPhillips (utvinningsløyve 018) med ti millionar kroner per år. Finansieringa er auka til 20 millionar kroner per år, mellom anna med midlar frå andre industripartnarar og Noregs forskingsråd. Forskinga ved senteret har vore sentral for aukinga av utvinningsgraden på Ekofisk.
Senteret har og i sterk grad bidrege til å styrke oljeforskinga ved UiS, og det var også eit viktig bidrag til at den tidlegare høgskulen kunne søke om universitetsstatus. Det er mellom anna oppretta eit professorat innan auka oljeutvinning til senteret.
I tillegg har aktiviteten gjort det mogleg å engasjere doktorgradsstipendiatar, postdoktorstipendiatar og hovedfagstudentar knytt til senteret. Det vil seie at den samfunnsmessige nytteverdien av senteret går langt ut over det primære målet om å auke oljeutvinninga i Ekofisk-området.
Gjennomførte og pågåande prosjekt spenner frå grunnforskingsprega prosjekt til prosjekt med meir direkte feltbruk. Begge delar byggjer opp kunnskap og kompetanse og er viktig for den langsiktige ressursutnyttinga.
Doktorgradstudentar, professor II-stillingar og eit stort tal vitskaplege artiklar er ein del av biletet. Fram til sommaren 2010 hadde Corec stått for nær 90 vitskaplege publikasjonar.
Oppdatert: 07.06.2011
Siste nyheter
Gassbanken i Barentshavet
08.12.2023
Analyser viser at Barentshavet inneholder betydelige ressurser, og sannsynligvis mer gass enn olje. Hva må til dersom Norge skal forsyne Europa med etterspurte økte gassvolumer?
Mye å hente i tette reservoarer
06.12.2023
På norsk sokkel finnes det store påviste gassressurser det per i dag ikke er utvinningsplaner for. Mye av denne gassen finnes i tette reservoarer – noe som gjør den utfordrende å produsere.
Boreløyve for brønn 7219/6-1
06.12.2023
Oljedirektoratet har gitt Vår Energi AS boreløyve for brønn 7219/6-1 i utvinningsløyve 1025 S, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Verdifulle gassressurser ligger brakk
05.12.2023
Oljedirektoratet (OD) har kartlagt hvilke gassressurser som av ulike grunner ennå ikke er utviklet. Flere av funnene er samfunnsøkonomisk lønnsomme å utvinne.
Boreløyve for brønn 15/9-25
30.11.2023
Oljedirektoratet har gitt Harbour Energy Norge AS boreløyve for brønn 15/9-25 i utvinningsløyve 1138, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Produksjonstal oktober 2023
21.11.2023
Førebels produksjonstal i oktober 2023 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 981 000 fat olje, NGL og kondensat.
Oljedirektoratet endrer navn til Sokkeldirektoratet
16.11.2023
Oljedirektoratet (OD) endrer navn til Sokkeldirektoratet 1. januar 2024. Det nye navnet gjenspeiler at direktoratet, i tillegg til petroleum, har fått flere arbeidsoppgaver knyttet til lagring av CO2, havvind og havbunnsmineraler de siste årene.
Boreløyve for brønn 35/11-28 S
16.11.2023
Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 35/11-28 S i utvinningsløyve 248 C, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Boreløyve for brønn 35/6-4 A
15.11.2023
Oljedirektoratet har gitt Neptune Energy Norge AS boreløyve for brønn 35/6-4 A i utvinningsløyve 929, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Er du på jakt etter ny jobb?
14.11.2023
Vi har nå ledig stilling som miljørådgiver og dataforvalter ved våre kontorer i Stavanger og Harstad.