Oljedirektoratet

Ny måleforskrift

paragraf-blå

Illustrasjonsbilde.

03.05.2023 Oljedirektoratet (OD) har, med verknad frå 1. mai 2023, fastsett ei ny forskrift om fiskal måling i petroleumsverksemda (måleforskrifta).

Forskrifta erstattar tidlegare måleforskrift (forskrift 1. november 2001 nr. 1234 om måling av petroleum for fiskale formål og for berekning av CO2-avgift).

Forskrift om fiskal måling i petroleumsverksemda (måleforskrifta) - Lovdata

Det er utarbeidd ein rettleiar til måleforskrifta. Rettleiaren har tre vedlegg; ei måleteknisk ordliste, ei oversikt over standardar og andre anerkjende dokument og eit vedlegg som beskriv prinsipp for evaluering av måledata ved måling av fluidstraum.

Rettleiar til måleforskrifta

Måleteknisk ordliste

Standardar og andre anerkjende dokument

Evaluering av måledata ved måling av væskestraum

Forskrifta regulerer kva krav som blir stilte til måling av produsert mengd petroleum og mengd underlagt CO₂-avgift, og har som formål å sikre at nøyaktige og pålitelege målingar ligg til grunn for berekning av skattane og avgiftene til staten, og dessutan inntektene til rettshavarane frå petroleumsverksemda. Rettleiaren utdjupar og angir korleis forskrifta kan oppfyllast.

Forslag til ny forskrift om fiskal måling i petroleumsverksemda (måleforskrifta) og rettleiar til måleforskrifta var på høyring frå 1. juli 2022. Det kom inn 12 høyringssvar, og eit omfattande høyringsinnspel frå Offshore Norge. Revidert forslag til forskrift og rettleiar vart sendt på ny høyring 15. februar 2023. Det kom inn fem høyringssvar. Desse førte til nokre språklege justeringar utan materielle konsekvensar. Dei viktigaste endringane som følgje av høyringsinnspela kjem fram av høyringsnotatet frå 15. februar.

OD har etter siste høyring gjort nokre endringar i forskrift og rettleiar, og dessutan lagt til eit vedlegg til rettleiaren om evaluering av måledata ved måling av fluidstraum. Endringane inneber blant anna at grenseverdi for tilfeldig uvisse til målefeil eller kalibreringsfaktor i § 46 er endra til grenseverdi for kombinert uvisse til målefeil. Dette er vurdert som eit meir formålstenleg krav. Det er grunn til å tru at dei materielle konsekvensane av dei endringane som OD har gjennomført i etterkant av siste høyring i praksis er små. Vedlegget om evaluering av måledata ved måling av fluidstraum blir anteke å gi auka klarheit i forskriftskrav, særleg krava til ytinga til målarane.

OD forventar at rettshavar og andre som deltek i petroleumsverksemda som blir omfatta av forskrifta straks set i gang arbeidet med å implementere den nye måleforskrifta. ODs tilsyn vil gradvis tilpassast den nye forskrifta.

OD har forhåpningar om at den nye måleforskrifta vil gi auka forutsigbarheit for næringa og meir effektive tilsyn frå styresmaktene.

Oppdatert: 03.05.2023

Siste nyheter

Gassbanken i Barentshavet
08.12.2023 Analyser viser at Barentshavet inneholder betydelige ressurser, og sannsynligvis mer gass enn olje. Hva må til dersom Norge skal forsyne Europa med etterspurte økte gassvolumer?
Mye å hente i tette reservoarer
06.12.2023 På norsk sokkel finnes det store påviste gassressurser det per i dag ikke er utvinningsplaner for. Mye av denne gassen finnes i tette reservoarer – noe som gjør den utfordrende å produsere.
Boreløyve for brønn 7219/6-1
06.12.2023 Oljedirektoratet har gitt Vår Energi AS boreløyve for brønn 7219/6-1 i utvinningsløyve 1025 S, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Verdifulle gassressurser ligger brakk
05.12.2023 Oljedirektoratet (OD) har kartlagt hvilke gassressurser som av ulike grunner ennå ikke er utviklet. Flere av funnene er samfunnsøkonomisk lønnsomme å utvinne.
Boreløyve for brønn 15/9-25
30.11.2023 Oljedirektoratet har gitt Harbour Energy Norge AS boreløyve for brønn 15/9-25 i utvinningsløyve 1138, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Produksjonstal oktober 2023
21.11.2023 Førebels produksjonstal i oktober 2023 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 981 000 fat olje, NGL og kondensat.
Oljedirektoratet endrer navn til Sokkeldirektoratet
16.11.2023 Oljedirektoratet (OD) endrer navn til Sokkeldirektoratet 1. januar 2024. Det nye navnet gjenspeiler at direktoratet, i tillegg til petroleum, har fått flere arbeidsoppgaver knyttet til lagring av CO2, havvind og havbunnsmineraler de siste årene.
Boreløyve for brønn 35/11-28 S
16.11.2023 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 35/11-28 S i utvinningsløyve 248 C, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Boreløyve for brønn 35/6-4 A
15.11.2023 Oljedirektoratet har gitt Neptune Energy Norge AS boreløyve for brønn 35/6-4 A i utvinningsløyve 929, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Er du på jakt etter ny jobb?
14.11.2023 Vi har nå ledig stilling som miljørådgiver og dataforvalter ved våre kontorer i Stavanger og Harstad.