15/12-23 A
31.05.2010 Oljedirektoratet har gitt Talisman Energy Norge AS boreløyve for brønnbane 15/12-23 A, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønnbane 15/12-23 A skal borast frå boreinnretninga Transocean Winner i posisjon 58° 13’ 05,55” Nord 1° 53’ 03,58” Aust etter avslutting av boring av avgrensingsbrønn 15/12-23 for Talisman Energy Norge AS (Talisman) i utvinningsløyve 038 D.
Boreprogrammet for brønnbane 15/12-23 A gjeld boring av sidestegsbrønn i utvinningsløyve 038 D. Talisman er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Det norske (30 prosent) og Petoro (30 prosent).
Arealet i dette løyvet består av den nordlege delen av blokk 15/12. Brønnen blir bora om lag 15 kilometer nord for Vargfeltet i Nordsjøen.
Utvinningsløyve 038 D vart delt ut 15. mai 2009 i den 20. konsesjonsrunden på norsk sokkel. Dette er den andre brønnen som bli bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Last ned: Kart.pdf
Oppdatert: 31.05.2010