15/12-23
29.03.2010 Oljedirektoratet har gitt Talisman Energy Norge AS boreløyve for brønnbane 15/12-23, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønnbane 15/12-23 skal borast frå boreinnretninga Transocean Winner i posisjon 58° 13’ 05,55” nord 1° 53’ 03,58” aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 9/2-11 for Talisman Energy Norge AS (Talisman) i utvinningsløyve 316 DS.
Boreprogrammet for brønnbane 15/12-23 gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 038 D. Talisman er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Det norske (30 prosent) og Petoro (30 prosent). Arealet i dette løyvet består av nordlege del av blokk 15/12. Brønnen blir bora om lag 15 kilometer nord for Vargfeltet i Nordsjøen.
Utvinningsløyve 038 D vart delt ut 15. mai 2009 i den 20. konsesjonsrunden på norsk sokkel. Dette er den andre brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Last ned: Kart.pdf
Oppdatert: 29.03.2010