15/3-9
21.05.2010 Oljedirektoratet har gitt Statoil ASA boreløyve for brønnbane 15/3-9, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønnbane 15/3-9 skal borast frå boreinnretninga Transocean Leader i posisjon 58° 49’ 14.0’’ N og 01° 46’ 20.7’’ Ø etter avslutting av boring av brønn 6506/11-A-2 H på Morvinfeltet for Statoil ASA i utvinningsløyve 134 B.
Boreprogrammet for brønnbane 15/3-9 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 187. Statoil ASA er operatør med ein del på 65 prosent. Dei andre rettshavarane er Marathon Petroleum Norge AS (10 prosent), og GDF SUEZ E&P Norge AS (25 prosent).
Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 15/3. Brønnen blir bora mellom funna 15/3-1 S Gudrun og 15/3-4 Sigrun om lag 45 kilometer nord for feltet Sleipner Vest i Nordsjøen.
Utvinningsløyve 187 vart delt ut i september 1993 (14. konsesjonsrunde). Dette er den andre brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Oppdatert: 18.08.2010