15/6-12
08.12.2010 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 15/6-12, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønn 15/6-12 skal borast frå boreinnretninga Transocean Leader i posisjon 58º 37’ 48,53” nord 01º 44’ 15,47” aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønnen 35/1-2 S i utvinningsløyve 269.
Boreprogrammet for brønn 15/6-12 gjeld boring av undersøkingsbrønn innafor utvinningsløyve 303. Statoil Petroleum AS er operatør med 100 prosent del i utvinningsløyve 303. Arealet i løyve 303 består av delar av blokk 15/2,3,5,6 og 8. Brønnen vert bora i blokk 15/6 nordaust for 15/5-1 Dagny like nord for Sleipner Vestfeltet i Nordsjøen.
Utvinningsløyve 303 vart delt ut 12. desember 2003 (TFO 2003). Dette er den sjette brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Oppdatert: 04.03.2022